No er eit gult farevarsel sendt ut for Hordaland for å åtvare alle om såpeglatte vegar, melder Meteorologisk institutt. Fleire stadar i Sør-Noreg er det glatt i dag.
– Det er både fuktig og kaldt, så både bilistar og dei til fots må vere varsame, oppmodar Magni Svanevik.
Grunna kald bakke er det lokalt regn som frys på bakken. Isen kan vere vanskeleg å sjå.
– Det er ganske glatt mange stadar no på morgonkvisten. Nokre stadar er det også skodde og kaldt, som kan gjere det glatt, spesielt i nord.
På fv. 614 er det totalt kaos på begge sider av Magnhildskartunnelen mellom Grov og Svelgen i Sogn og Fjordane. Mellom 7 til 8 vogntog kjem seg verken opp eller ned på grunn av glatt føre, melder politiet.
Fleire meldingar om glatte vegar
Vegtrafikksentralen i vest har fått fleire telefonar frå bilistar som måtte køyre på glatte vegar torsdag morgon.
– Vi har fått mange telefonar om at det er veldig glatt på fv. 616 i Bremanger, og på fv. 55 mellom Sogndal og Gaupne, seier trafikkoperatør Nina Heggernes.
Ho meiner vinteren kjem like brått for folk år etter år.
– Vinteren er på veg for full fart, så køyr etter forholda, seier ho.
GRØFTA: Slik såg det ut ved Tengedalstvatnet i Sandnes på morgonkvisten på onsdag.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK