Hopp til innhold

Har selt leilegheiter for over 30 millionar på éin dag

Etter berre få timar har Garanti Eiendomsmegling Vest selt leilegheiter til over 30 millionar på det planlagde leilegheitskomplekset Ullsentralen i Førde sentrum.

Ullsentralen Førde

ANNLEIS: Etter planen skal dei som flytter inn i nybygget på tomta til Ullsentralen ha tilgang til eit eige motstrømsbasseng på taket.

Foto: Prospekt / X-Form

– Det er veldig kjekt. Vi var spente på førehand, for dette er noko som aldri har vore til sals før, seier eigedomsmeklar Raymond Sandøy.

Den planlagde bustadblokka skal liggje på den gamle tomta til Ullsentralen i Førde. Leilegheitene har ei prisantyding på mellom 1,48 og 7,5 millionar, noko som er prisrekord for leilegheiter i Sogn og Fjordane.

Har selt dei to dyraste

Teikningar av husværa vart først synte på eit visingsmøte laurdag, og allereie då var interessa stor. Salet av leilegheitene starta onsdag klokka 12, og allereie er fire av leilegheitene selde. I tillegg ligg det inne bod på to av leilegheitene til i morgon.

Sandøy stadfestar at begge leilegheitene som har prisforslag på over sju millionar kroner, er selde.

– Alle bod vi har teke imot er på prisforlangande eller over, seier Sandøy.

Han vil ikkje seie nøyaktig kor stor sum dei har selt for, men stadfestar at salet utgjer meir enn ein tredjedel av den totale leilegheitsprisen. Totalprisen for komplekset er i nærleiken av 100 millionar kroner, noko som betyr at det er selt leilegheiter for vel 30 millionar sidan laurdag, då potensielle kjøparar kunne leggje inn bod.

– Det spesielle er at ingenting av prisar eller teikningar har vore offentleggjorde før presentasjonen laurdag, seier Sandøy.

Dei fleste kjøparane er godt vaksne

Det er sagt at bygging kan realiserast når det er selt leilegheiter til ein verdi av halvparten av verdien av leilegheitskomplekset.

– Slik sett ligg vi godt an, seier Sandøy.

Dei som har slått til på husvære til no, er vel etablerte og godt vaksne folk.

– Dette er personar som no har teke eit medvite val om ein lettare kvardag, i og med at dei kjøper noko som er vedlikehaldsfritt og kvittar seg med ein einebustad, seier Sandøy.

Han legg til at husværa er teikna slik at ein til dømes kan dele opp dei største leilegheitene, slå saman dei mindre, eller kjøpe ei leilegheit med utleigedel.

– Moglegheitene er svært mange. Vi har framleis ledige leilegheiter i alle storleikar, og prisklassar heilt ned i 1.480.000 kroner, seier Sandøy.