Hopp til innhold

Har scora fire mål på fire kampar

I løpet av heile fjorårssesongen scora Ruben Holsæter fire mål i 3. divisjon. På fire kampar i divisjonen over er han allereie oppe i det same talet!

Ruben Holsæter feirar nok eit mål

FIRE KAMPAR - FIRE MÅL: Slik feira Ruben Holsæter si andre scoring mot Fana. Han har god grunn til å juble etter ein sterk sesongstart for Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det går veldig bra no, ja. Eg skal iallfall ikkje klage, gliser Ruben Holsæter.

To mål + målgjevande pasning

19-åringen var igjen svært sentral då Førde laurdag slo Fana 3-0 på heimebane i 2. divisjon:

Først banka han inn to mål - deretter hadde han den målgjevande pasninga til Bernt Norevik og Førdes tredje scoring.

- Eg må vere nøgd no. Det kan vel ikkje bli stort betre, seier Holsæter.

Artikkelen held fram under biletet

Holsæter åleine med keeper

MÅLGJEVANDE: Her er Ruben Holsæter på veg gjennom og åleine med keeper. Pasninga hans enda hos Bernt Norevik, som enkelt kunne sette ballen i mål.

Foto: Rune Fossum / NRK

Scora tre for Jølster

Førde er denne sesongen tilbake i 2. divisjon etter sju strake år i 3. divisjon. Og comebacket kunne ikkje ha gått stort betre: Etter fire kampar har laget blanda seg inn i toppen.

Og: Ruben Holsæter har allereie scora fire mål - mot like mange på heile sesongen i fjor.

Då kom tre av måla for Jølster, medan han scora eitt for Førde.

Redda godt straffespark

Mot Fana kjempa heile laget til siste slutt, og Holsæter var mellom dei som hadde kjenning med krampe.

Mellom stengene hadde Vegard Skjeldestad nok ein solid kamp, og han redda mellom anna eit straffespark på ein imponerande måte.

Dermed kom Førde sterkt tilbake etter tapet sist helg.

- Eg har aldri scora så mykje mål før. Men eg har trent mykje avsluttingar i vinter, og har tenkt å halde fram på same måten, seier Holsæter.

Førde - Fana 3-0

JUBELSCENER: Førde har opna sesongen på imponerande vis. Her jublar spelarane etter Norevik si 3-0-scoring.

Foto: Rune Fossum / NRK