Hopp til innhold

Har scora 102 mål - i år!

Elisabet har gjort målscoring til ein vane.

Elisabet Orrestad Nilsen

MÅL - MÅL - MÅL: Elisabet Orrestad Nilsen veit betre enn dei fleste kor målet står. I år har ho bøtta inn 102 mål for Sogndal. Her er spissen i aksjon i ein kamp mot Eid i 3. divisjon damer.

Foto: Stig Høynes

Elisabet Orrestad Nilsen (16) er ein måljeger av dei heilt sjeldne:

I årets sesong har Leikanger-jenta scora til saman 102 mål for jentelaget og damelaget til Sogndal.

Aldri høyrd om liknande

- Eg har aldri høyrd om noko liknande. På jentesida er det berre i to kampar ho ikkje har scora mål dei to siste åra, seier jentetrenar Odd Einar Fimreite.

- Eg tvilar på at eg nokon gong kjem til å komme borti noko slikt igjen, ler trenaren.

Nesten ein vane

Tysdag banka Elisabet Orrestad Nilsen inn fem mål i jentekampen mellom Sogndal og Kaupanger. Det var det som skulle til for å passere 100 mål i 2009.

Medan sesongen er over for damelaget, er det framleis kampar igjen å spele for jentelaget. Så historia stoppar truleg ikkje her...

- Eg har alltid scora mykje mål, kommenterer 16-åringen sjølv.

- Det har nesten blitt ein vane, ler Orrestad Nilsen.

Åtte mål i éin kamp

Med over 100 mål på éin sesong, er spissen ein svært viktig spelar for begge laga sine. Knut Hauge er trenar for damelaget, og er glad for å ha ein målgarantist i stallen.

- Ho er ein kapasitet. Elisabet er veldig målretta, og ho har god målteft, seier Hauge.

Han karakteriserer spissen sin som kjapp til beins og med ein evne til å score frå alle distansar og vinklar.

PS: Sesongens høgdepunkt for 16-åringen må ha vore oppgjeret mellom Sogndal og Eid i 3. divisjon i september. Sogningane vann 14-2, og Elisabet Orrestad Nilsen scora åtte av måla!