Hopp til innhold

Har samla inn nesten sju millionar til MR-maskin i Lærdal

Lærdal kommune oppfordra til spleiselag for å skaffa ei maskin som kan framstilla bilete av det indre i kroppen. No har dei fått inn nesten sju millionar kroner.

Ny MR-avdeling på Haukeland

SPLEISELAG: Håpar å få ei slik MR-maskin ved sjukehuset i Lærdal.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– No manglar det berre tre millionar kroner, og det gjer meg stolt, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Lærdal og nabokommunane har til saman ytt seks millionar kroner, i tillegg er frivillige lag og organisasjonar komne på bana.

– Blant anna har helselaga i Sogndal og Øvre Årdal gitt store summar, det er fantastisk, seier Solheim.

Statleg ansvar

I Lærdal tyr dei no til eit spleiselag for å få plass viktig utstyr som skal sikre godt diagnostisering av pasientar. Sjølv om ordføraren er stolt over at dei klarar å samle inn pengane, meiner han at dette er eit statleg ansvar.

– Dette er ei offentleg oppgåve. Det vi såg var at avstandane vart så store at det ville føre til ei unødig belastning på pasientane når dei må køyre heilt til Bergen, der det også er lang kø.

Det ynskjer Lærdal kommune å unngå, og samstundes sørge for rask diagnostisering.

– For innbyggarane i sognekommunane er dette svært viktig.

– Kvifor er det så viktig å få på plass ei MR-maskin ved sjukehuset i Lærdal?

– Ofte er det få viktig å få ein grundig sjekk av kroppen fort. Både for vidare behandling, og for å kome raskt tilbake i arbeid. Rett og slett bli frisk igjen fort, og det er ei MR-maskin med på, seier Solheim.