Mann i 20-åra alvorleg skadd etter motorsykkelulukke

Naudetatane rykte laurdag ut til ei motorsykkelulukke på Kvalheim i Vågsøy. Motorsyklisten vart frakta til Haukeland i luftambulanse, og er alvorleg skadd.

Ulukke Kvalheim

ALVORLEG SKADD: Motorsyklisten vart alvorleg skadd i ulukka, og frakta til Haukeland i luftambulanse.

Foto: Eva Westvik / NRK

Meldinga om ulukka kom rundt klokka 17, og Helse Førde AMK melde at både ambulanse og luftambulanse rykte ut til staden.

Ulukka var ei singelulukke, med ein motorsyklist involvert.

Vest politidistrikt opplyste klokka 17.30 at ambulanse var framme på staden, og at politiet var på veg.

Klokka 18.10 melde politiet at motorsyklisten var alvorleg skadd og vart frakta til sjukehus i luftambulanse.

Klokka 18.29 melde Helse Førde at motorsyklisten er ein mann, og at han vart frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Laurdag kveld opplyser Haukeland universitetssjukehus at mannen er i 20-åra, og at han er kritisk skadd. Søndag klokka 14.20 har tilstanden til mannen vorte oppdatert til alvorleg.

Vest politidistrikt opplyser at motorsyklisten skal ha kome utanfor asfaltkanten og mista kontrollen. Deretter skal han ha køyrt inn i autovernet.

Laster kart, vennligst vent...

KVALHEIM: Ulukka har skjedd ved krysset på vegen mellom Kvalheim og Raudeberg.