NRK Meny

Har rykt ut til lyngbrann i Florø

Brannvesenet har nettopp rykt ut etter melding om ein lyngbrann på Klavelandet i Florø. Ifølgje Alarmsentralen skal det brenne på nedsida av riksveg 5, og det er ikkje snakk om noko stort område som står i brann. – Men det er tørt i lyngen, seier vaktleiar Espen Rysjedal som seier det er umogleg å seie noko om korleis brannen eventuelt kan spreie seg. NRK kjem tilbake med meir.