NRK Meny
Normal

Rykte ut til to skogbrannar – med berre ein time mellomrom

Brannvesenet frå Sogndal jobba med å kjøle ned brannområdet ved Amla på Kaupanger, då dei vart kalla ut på ein ny brann. Denne gongen i terrenget ved Dalaker, berre nokre kilometer unna.

Røykutvikling i området ved Amla på Kaupanger 6. juni 2018

SKOGBRANN: Det brann onsdag ettermiddag i eit skogsområde ved Amla på Kaupanger. Vel ein time seinare kom melding om brann ved Dalaker, som ligg utanfor venstre bildekant.

Foto: Kristoffer Dalaker

– Klokka 18.22 fekk vi melding om ein skogbrann ved Dalaker. Det brann i krattskog, ikkje langt frå køyrbar veg, seier vaktleiar Frode Korneliussen til NRK like over klokka 19.

Brannen ved Dalaker var då meldt sløkt.

Brannvesenet veit ikkje noko om kvifor det byrja å brenne verken på Dalaker eller ved Amla. Felles for begge stader er at dei ligg i nærleiken av køyrevegar, og at det har brunne i kratt og skog.

– Brannmannskapet som var på brannen ved Amla delte seg, då dei hadde brannen der under kontroll. Vi fekk også hjelp av to bønder med gyllevogn, seier Korneliussen om sløkkinga av den mindre brannen ved Dalaker.

Brannane i dag er den femte og sjette på kort tid i dette området.

Operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt seier like før klokka 20 at politiet er i området og gjer undersøkingar av begge brannane.

– Dei snakkar med vitne og andre for å innhente opplysningar, så får vi sjå kva som kjem ut av det, seier Samsonsen.

Fekk raskt kontroll

Like før klokka 17.30 onsdag ettermiddag rykte brannvesen og politi ut etter melding om røykutvikling i skogsområdet ved Amla på Kaupanger i Sogndal kommune. Då dei kom fram viste det seg at det brann i skog og kratt i eit område opp mot Skavdal.

– Brannvesenet på staden held på å kjøle ned området, så det brenn ikkje no lenger, sa vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen til NRK klokka 18.15.

Like før klokka 18 melde Alarmsentralen at brannvesenet raskt fekk kontroll på brannen, og at spreiingsfaren var betydeleg mindre enn då dei først kom fram.

Eit område på vel 150 kvadratmeter med kratt og skog er svidd av.

Laster kart, vennligst vent...

SKOGBRANNAR: Brannvesenet i Sogn rykte i ettermiddag ut på to skogbrannar i nærområdet til Kaupanger. Den første meldinga kom frå området ved Skavdal ved Amla, medan den andre kom frå området ved Dalaker.

Bad om tips etter tre brannar på eitt døgn

Områda det har brunne i onsdag ettermiddag ligg i ein av dei største skogane på Vestlandet. Det har vore fleire brannar her den siste tida.

Seinast i går rykte brannvesenet ut til det som viste seg å vere ein brann i kratt og busker ved eit grustak ved Amla. Ifølgje nettavisa porten.no brann det då på akkurat same plass som for seks dagar sidan. Politiet har gjort undersøkingar på staden, men vil ifølgje nettstaden ikkje spekulere i om nokon har forsøkt sette fyr på skogen med vilje.

Sist veke gjekk politiet ut og bad om tips etter tre mindre skogbrannar i løpet av eitt døgn.

Fekk raskt kontroll

Brannvesenet rykte i ettermiddag ut med mannskap frå Sogndal og Gaupne. Brannområdet ved Amla låg slik til at brannvesenet har kunne køyre heilt fram.

Ifølgje Korneliussen har brannfolka på staden klart å avgrense brannen til eit område på vel 150 kvadratmeter.

– Det er ikkje busetnad i området, seier Korneliussen som seier dei heller ikkje har fått melding om at det har vore folk i området.

Det er svært stor skogbrannfare i Sør-Noreg etter ein lang periode med tørt vêr. Folk har blitt bedne om å vere svært forsiktige med open eld, og ei rekkje kommunar har innført totalforbod mot all bruk av open eld, også grilling på eigen veranda. I Sogn har det vore totalforbod mot open eld dei siste to vekene.