Hopp til innhold

Her starta opprullinga av ei av dei største narkosakene i Sogn og Fjordane

Dei tre austeuropearane skal saman ha styrt mykje av narkotikasalet i Sunnfjord. No er dei tiltalt for omsetning av omfattande mengder hasj og amfetamin. Saka starta då ein bil vart stogga av politiet i Eikefjord.

Eikefjord

STOGGA BIL: 11. juni 2012 vart to av dei tiltalte stogga av politiet i Eikefjord. No må dei møte i Fjordane tingrett, tiltalt for omfattande narkokriminalitet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er ei omfattande sak som skal opp i Fjordane tingrett no i oktober.

I sju dagar skal to menn forsvare seg mot skuldingar om kjøp og sal av fleire kilo hasj og ei større mengde amfetamin frå 2010 til 2012. Den tredje tiltalte er utvist frå Norge, og kjem ikkje til å møte i retten.

Omfattande tiltale

– Sett i lys av storleik på beslag av både stoff og pengar, så er dette ei stor sak, seier statsadvokat Jogeir Nogva til NRK.

Deler av saka vart først kjend etter at politiet stogga ein bil i Eikefjord 11. juni i 2012. I bilen fann dei 1,2 kilo hasj og 9000 kroner. Dette funnet gjorde at påtalemakta no kan presentere ein omfattande tiltale.

I retten vil statsadvokaten leggje fram bevis for at dei tre austeuropearane kjøpte og omsette langt meir stoff enn det som blei funne i bilen den dagen. I alt meiner politiet å kunne bevise at dei tre i lag og kvar for seg selde hasj og amfetamin for mange hundre tusen kroner.

siluett narkosak

TRE TILTALTE: Tre austeuropearar er tiltalt i ein av dei mest omfattande narkotikasakene i fylket. Men ein av dei er alt utvist frå Norge.

Skal ha seld i Sunnfjord

Den politiet reknar som hovudmannen av dei tre tiltalte, skal frå sommaren 2010 til sommaren 2012 ha kjøpt 437 gram amfetamin og 7142 gram hasj. Av dette skal mannen ha vore med og seld vidare 137 gram amfetamin og 5719 gram hasj.

– Omsetninga dei står bak har stort sett skjedd i Sunnfjord, opplyser statsadvokat Nogva, utan at han no vil gå inn i detaljar om saka.

NRK kjenner til at politiet har hatt god oversikt på kven som har vore kundar for dei tre, og det ligg omfattande etterforsking bak. '

– Vi meiner at det i alle fall er snakka om eit titals kundar, seier ein ordknapp statsadvokat til NRK.no.

Omfattande etterforsking

Mellom anna skal politiet ha brukt såkalla kommunikasjonskontroll på eit tidleg stadium i etterforskinga av dei tre austeuropearane.

Noko som i praksis vil seie telefonavlytting. Sjølv om dette skal ha lagt grunnlag for saka, vil dette ikkje bli lagt fram i Fjordane tingrett.

Politiet i Sogn og Fjordane har dei siste åra drive omfattande spaning på dei ulike narkotikamiljøa i fylket. Telefonavlytting blei mellom anna nytta då politiet i Sogn avslørte eit større brukarmiljø for to år sidan.

Var fengsla lenge

– Vi etterforskar saka ut ifrå at dette har vore ein sentral omsetnadskanal i Sunnfjord. Saka blir behandla som ei større sak, sa dåverande politiadvokat Lisa Førde Refsnes til NRK.no i 2012.

Det har så langt ikkje lukkast NRK.no å få kontakt med forsvararane for dei tiltalte. Statsadvokaten førebur no ei av dei mest omfattande narkotikasakene i Sogn og Fjordane på mange år.

Den påståtte hovudmannen var i lengre tid etter pågripinga varetektsfengsla og anken om fengslinga vart avvist av Gulating lagmannsrett. No vil både han og dei andre tiltalte få svar på om politiet si etterforsking vil gje ein fellande dom.