Hopp til innhold

Har rom til hundrevis, men vert ikkje brukt

FØRDE (NRK): Folkehøgskulane i landet ville bidra til integrering og sette av 700 skuleplassar til unge flyktningar, men 600 av plassane vart aldri nytta.

PRATAR NORSK: Laike Shah (17) og Nasib Armani (17) kom aleine frå Afghanistan til Noreg.

TEK DEL I FELLESSKAPET: Både Nasib Armani (17) og Laike Shah (17) kom aleine til Noreg frå Afghanistan. Dei vart kjende på Sunnfjord folkehøgskule i Sogn og Fjordane, og går no på beachvolleyball-linja.

Foto: Espen Breivik / NRK

– På folkehøgskulen er vi saman med andre norske ungdommar. Vi har felles måltid, spelar volleyball og mykje anna. Slik lærer vi norsk veldig raskt, seier Nasib Armani.

Den afghanske 17-åringen er utan familie i Norge. Etter å ha fått opphald fekk han tilbod av bustadkommunen sin, Flora, om å gå på Sunnfjord folkehøgskule.

Jorun Knappstad er rektor på Sunnfjord Folkehøgskule

Jorun Knapstad er rektor på Sunnfjord Folkehøgskule.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Her får dei unge flyktningane vere ein del av eit norsk ungdomsmiljø, lære kulturelle kodar og samver mellom ungdom på ein unik måte, seier Jorun Knapstad, rektor ved Sunnfjord folkehøgskule.

–¨Vi integrerer ungdommane i den vanlege undervisninga. Det er viktig med aktivitetar der dei kan bruke seg sjølve, seier rektoren.

Folkehøgskulane i landet sette av 700 plassar til unge flyktningar, men 600 av plassane vart aldri brukt

Fekk ikkje respons

Folkehøgskulen har opp til fleire gongar kontakta kommunar i området, utan å få svar frå fleire.

– Det er synd at ikkje fleire får denne opplevinga ettersom vi har plassar, seier Knapstad.

I fjor vart ti prosent av skuleplassane til folkehøgskulane sette av til unge flyktningar med opphaldsløyve. Dette utgjer 700 plassar. Regjeringa oppmoda kommunane til å nytte tilbodet, likevel står folkehøgskulane att med 600 ubrukte plassar.

I tråd med avtalen skulle prisen kommunane må betale vere om lag lik kostanade for andre folkehøgskuleelevar. Dei ekstra kostnadane var knytte til lommepengar, utstyr og norskkurs.

Finnast alternativ utanom folkehøgskulane

Det er kommunen flyktningane er busette som er ansvarleg for integrering.

Helge Eide

Helge Eide i kommunane sin organisasjon, KS

Foto: Johnny Syversen

– Kommunen ynskjer sjølvsagt hjelp til integrering både frå lokalmiljø, frivillige og i dette tilfellet folkehøgskulane. Eg er einig i at når folkehøgskulane gir eit tilbod så skal dei få svar, seier Helge Eide i kommunane sin organisasjon, KS.

Eide peikar på at det også finnast andre alternativ enn folkehøgskule for unge flyktningar.

– Det er ikkje sikkert folkehøgskule er det beste alternativet for alle. Kvar enkelt må få eit tilbod etter kva den enkelt har behov for. Dette er det kommunane dei er busett i som må avgjere, seier Eide.