NRK Meny
Normal

Har registrert skadar for 15-20 millionar etter storflaumen

I løpet av vinteren er det gjennomført 50 såkalla lensmannsskjøn i Aurland etter storflaumen i oktober i fjor.

Herrelaust hus

STORE SKADAR: Det er registert skadar for mellom 15 og 20 millionar i Aurland etter flaumen i fjor.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Så langt er det registrert skadar for mellom 15 og 20 millionar kroner, seier lensmann Knut Arne Klingenberg.

Storflaumen i oktober i fjor var ei dramatisk oppleving for mange i Aurland. På eit tidspunkt var nær 200 menneske evakuerte. Fem hus for med vassmassane, seks andre fekk store skadar.

– Det er snakk om store øydeleggingar, og enkeltmenneske har merka dette hardt.

Overskjønn

Knut Arne Klingenberg

NATURSKADESKJØN: Lensmann i Aurland Knut Arne Klingenberrg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I slutten av månaden reknar Klingenberg med at dei skal vere ferdige med sin del av undersøkingane. Då er det opp til Naturskadefondet. Så langt har Naturskadefondet valt å anke eit av skjønna inn for tingretten.

– Vi har gjort mange saker inne i Flåm, og syns kanskje det er litt underleg med tanke på at det ligge inne i eit verneområde.

– Kva får det å seie at saka må opp for tingretten?

– Det betyr at arbeidet med å sette i stand igjen blir sett på vent til det er tatt eit overskjønn.

Les alt oktoberflaumen her

Opnar etter flaumen

Skulen i Flåm var eit av bygga som måtte evakuerast då Flåmselva gjekk over sine breidder. Brua til skulane var øydelagt og skulen har mangla vatn. Det siste året ha difor elevane gått på Aurland skule, men måndag 17. august kan dei endeleg ta skulen i Flåm i bruk at.

Rektorane Astrid Hassel og Odd Mikalsen

ATTENDE I EIGE HUS: Rektor Astrid Hassel til høgre.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det blir veldig spesielt, og veldig godt og kome i gang igjen, seier rektor Astrid Hassel.

– Korleis har det siste året vore?

–Kvardagen har ikkje akkurat vore slik den pleier. Det vart jo litt trongare kår i og med at skulen i Aurland ikkje akkurat var bygd for av si skulle vere sambuarar, men når vi ser tilbake på det har vi funne gode løysingar for dei fleste elevane. Men no blir det godt å kome tilbake i eige hus.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.