Hopp til innhold

Har redda fire poeng på straffer

Denne mannen kan bli svært avgjerande for haustsesongen til Sogndal.

Piotr Leciejewski

VIKTIG MANN: Piotr Leciejewski kan også i kveld bli den store skilnaden i toppkampen i plankebyen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Framfor dagens kamp borte mot Fredrikstad ligg Sogndal fire poeng framfor Ranheim på tabelltopp.

Med like mange poeng redda på straffespark berre denne sesongen, spelar keeper Piotr Leciejewski ein svært avgjerande rolle med sin innsats mellom stengene.

Sjekk statistikken over brente straffer mot Sogndal:

  • Alta - Sogndal 0-1. Leciejewski reddar straffe - bergar to poeng.
  • Sogndal - Nybergsund-Trysil 1-1. Straffesparket går i tverrliggjaren.
  • Strømmen - Sogndal 1-2. Leciejewski reddar straffe - bergar to poeng.
  • Bryne - Sogndal 2-5. Leciejewski reddar straffe, og slepp inn eitt mot Marius Helle.

I kveld kan Leciejewski igjen komme til å spele ein sentral rolle, når Sogndal spelar borte mot Fredrikstad.

SJÅ KAMPEN I NETT-TV FRÅ KLOKKA 19.00

Med siger vil Sogndal skaffe seg ei luke på heile sju poeng ned til Ranheim på andreplass - og opprykk kan vere nærmare enn på lenge. Men det er ikkje i tankane til den solide sisteskansen.

- Det vil eg ikkje snakke om no. Vi har vore nær opprykk to år på rad, utan å klare det, seier Leciejewski til Sogn Avis.

Kampen mot Fredrikstad skulle i utgangspunktet ha vore spelt i mai, men grunna spelarar på landslagsoppdrag vart oppgjeret utsett.

DU KAN FØLGJE KAMPEN MINUTT FOR MINUTT HER

Dei to laga har spelt mot kvarandre 19 gongar. Heimelaget har eit lite statistisk overtak med ti sigrar, medan Sogndal har vunne seks av kampane.

Sannsynleg lagoppstilling Sogndal: Piotr Leciejewski - Eivind Daniel Røed, Lars Grorud, Even Hovland, Per Egil Flo - Ole Jørgen Halvorsen, Henrik Furebotn, Ahyee Aye Elvis, Mats Solheim - Espen Olsen, Ulrik Flo