Hopp til innhold

Har problem med ferjebru

Fjord1 melder fredag ettermiddag at dei går med redusert kapasitet på ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes. Det skal vere problem med ei ferjebru, der den eine ferja heng fast i kaien på Dragsvik ifølgje Vegtrafikksentralen.