Hopp til innhold

Har oppretta kriseberedskap for ferjer

I frykt for å igjen miste ferjer til andre samband har Askvoll kommune no oppretta ein kriseberedskap.

Ferje i Askvoll

KRISEPLAN: Frida Melvær (H) er ordførar i Askvoll.

Foto: Montasje: Guri England/Halvor Farsund Storvik / NRK

Det skapte stor frustrasjon då ei av ferjene i Askvoll vart flytta til Måløy for ein kort periode i slutten av august. Med éi i staden for to ferjer vart rutetidene endra.

Slike situasjonar skapar mange utfordringar for dei 900 som bur på øyane, seier ordførar Frida Melvær.

– Då har det gjerne blitt slik at ein har tilpassa rutene litt etter kvart som folk har ringt inn og meldt frå om behov til Fjord1. Det er gjerne den biten som har skapt dei største utfordringane, det at ruteoppsettet har blitt endra i løpet av dagen seier Melvær.

Dermed har ikkje folk kunne vite kva dei skulle forhalde seg til.

Treng gode kommunikasjonar

Askvoll kommune er ein øykommune der ein tredel innbyggarane bur på øyane Atløy, Bulandet og Værlandet. For dei er det heilt avgjerande å ha god kommunikasjon med fastlandet både for å nå tenester, men og for godstrafikk og entreprenørar som skal fram og tilbake mellom øyane.

No har kommunen saman med Atløy vel og Bulandet og Værlandet grendelag laga ein plan for liknande situasjonar.

– Det er å lage faste ruter, når ferjer blir sett ut av drift, noko vi sjølvsagt håpar ikkje skal skje. No har vi sette opp faste rutetider mellom Askvoll og Gjervik og Askvoll og Værlandet, i tillegg har vi sett inn passasjerbåtar.

Planen blir no sendt til samferdsleavdelinga til fylkeskommunen og Fjord1 slik at dei kan sjå på det og godkjenne den.