Har oppklara brannstifting

Eldpåsetjinga i og ved Flora barneskole i førre veke er oppklara. Det skriv Firdaposten. Etterforskingsleiar Kåre Toreid ved Flora politistasjon seier at det er fleire mindreårige gjerningspersonar som står bak hendinga. Saka blir sendt vidare til konfliktrådet for handsaming, og barnevernet for oppfølging.

Florø barneskole
Foto: Fredrik Helland / NRK