NRK Meny
Normal

Har opna E39 gjennom Nordfjord

E39/riksveg 15 ved Skredestranda i Eid vart i 17-tida laurdag ettermiddag opna for trafikk. Vegen hadde då vore stengd i eitt døgn.

Skredestranda er i ferd med å bli rydda

MÅTTE RYDDE: Statens vegsen var laurdag i ferd med å rydde det nye raset som har gått på E39/riksveg 15 i Skredestranda.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har opna for fri ferdsel med nedsett fart. Mykje oppryddingsarbeid står att. Dette arbeidet tek til måndag, opplyser seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens vegvesen.

Då NRK snakka med Åsebø tidlegare laurdag, var mannskapa nett komne på staden for å rydde nok eit ras.

– Det har komme eit nytt ras i løpet av natta. Like nedanfor der det gjekk eit stort ras i fjor. Raset som har gått er mellom 30 – 40 meter breitt og det er mykje lausmassar i raset. Det er jord, vatn og trestokkar, sa Åsebø.

Det var fredag ettermiddag at det første av i alt to ras med jord- og steinmassar, trevirke og vatn kom ned lia og sperra E39/riksveg 15 ved Skredestranda i Eid. Raset gjekk i same området som det tidlegare har gått fleire store ras.

Håpte på opning

Det har vore skilta omkøyring frå Volda via ferjesambandet til Folkestad, og vidare på gamlevegen fv. 651 til Nordfjordeid. Det er også lokal omkøyring langs Panoramavegen mellom Lote og Svarstad.

Vegvesenet visste tidlegare laurdag ikkje kor lang tid det villle ta å få rydda vegen.

– Dei sette i gang å rydde i morgontimane, men vi ser ikkje heilt omfanget av raset enno. Vi må også få rydda kummane slik at vi får leia vatnet vekk frå vegen.

Ras ved Skredestranda i Eid

FLAUMDE OVER: Fredagens ras var fullt av jord, vatn og tremassar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Avlyser rasfaren

For å få oversikt over rasstaden har Statens vegvesen sin geolog vore i Skredestranda.

Det skal ikkje vere fare for fleire ras i området trur Åsebø.

– Slik det er no er regnet minka og opphald, og temperaturen er betydeleg lågare enn i går. Så no seg eg ikkje på det som nokon rasfare på den plassen der, seier ho.

Bil ved raset på Skredestranda

VANSKELEG Å SJÅ: Raset kom brått på bilistane på Skredestranda i går.

Foto: Silje Guddal / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune