Har observert reinsdyr i Nordfjella

Statens naturoppsyn (SNO) har i helga fått meldingar om spor etter villrein i Nordfjella villreinområde, og gjer no undersøkingar for å følgje opp meldingane. På grunn av dyresjukdommen skrantesjuke vart heile villreinstammen i området utrydda i vinter. SNO ber folk som ser spor som kan stamme frå villrein om å ta kontakt. Den statlege nedskytinga vart avslutta i februar.