NRK Meny

Lys i fjellsida var falsk alarm

Røde Kors i Aurland tok seg opp i fjellsida nord for Brekkefossen i Flåm, etter at det var observert lys i området. Det viste seg å vera falsk alarm.

Laster kart, vennligst vent...

BRATT: I dette området skal det ha blitt observert lys. Det er bratt og skal ikkje vera sti der lysa har blitt observert.

– Vi veit ikkje om dei treng hjelp, men sender folk for å vera på den sikre sida, seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø, Trond Hatlenes.

Og hjelp trengde dei ikkje. Like før midnatt måndag opplyser politiet på Twitter at det var fem spanjolar i slutten av 20-åra som hadde både kompetanse og utstyr til å overnatta ute.

Politiet sa dette då meldinga om lysa i fjellsida vart meld.

– Vi er føre-var og sender ut Røde Kors. Vi er redd for at nokon kan ha gått seg fast, seier han.

Laster Twitter-innhold
Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar