Hopp til innhold

Har nokon sett «Omega» (18 md.)

– Ho «pratar» veldig mykje og ser ut som ein liten leopard. Eg håpar nokon kan hjelpe, seier Bente Jæger. I over eitt døgn har rasekatten hennar «Omega» vore sakna frå Brendeholten i Førde.

Bengalen Omega

STAKK AV: Eigaren fortvilar etter at rasekatten «Omega» har vore sakna i over eitt døgn.

Foto: Privat

Den 18 månader gamle bengalkatten sprang til skogs mellom klokka 15 og 1530 fredag ettermiddag.

Sidan har ingen sett henne.

– Ho er jo ein innekatt og plar ikkje vere ute meir enn ein times tid. Ho har aldri vore ute om natta før, så det var jo typisk at det skulle byrje å snø i natt, seier Bente Jæger.

– Eg har to bengalar, og dei var begge ute med meg. Plutseleg forsvann «Omega» i full fart opp i skogen. Ho er frykteleg redd for bilar, så det kan jo ha vore ein som køyrde forbi utan at eg fekk det med meg, seier Jæger som ikkje likar tanken på at katten no har vore borte i over eitt døgn.

– «Omega» er ein supervennleg katt, men litt skeptisk til folk når ho er ute. Ho plar lystre namnet når eg eller andre som kjenner henne ropar, legg Jæger til og håpar nokon har sett katten.

Eller endå betre, teke hand om henne, slik at ho kan bli attendeført med familien.

– Ho er min første katt, og eg har hatt ho sidan ho var pitteliten. Ho er som ein liten unge for meg. Kattane er dei som held meg med selskap og fyller opp huset når sambuaren min er på jobb, seier ho.