Hopp til innhold

Har nesten ikkje ord etter siger

– Eg har eigentleg ikkje ord, seier Førde-trenar Knut Erik Folland etter 4–2 sigeren over Asker. – Det er rørande å sjå kva dei får til, vedgår han.

Førde toppar tabellen etter nye tre poeng mot seriefavoritt Asker.

PUTTA TO: Kristian Fardal Opseth kom inn etter 80 minutt spelt, og i løpet av dei siste minuttane sette han ballen i mål ikkje mindre enn to gonger. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Etter å ha sikra seg tre nye poeng på heimebane i strålande sol kan Førde no sole seg i glansen på toppen av tabellen i 2. divisjon.

Asker var først ute med å putte ballen i mål, men Førde henta seg inn att to gonger før dei putta inn to mål ekstra og vann 4–2.

– Det er fantastisk det desse gutane greier å få ut av 90 minutt. Eg har eigentleg ikkje ord. Dei har tatt ni strake sigrar og toppar det no med å ta ein av to seriefavorittar på heimebane.

– Eg er veldig imponert, seier Folland til NRK.no.

Christoffer Hafsås starta målrekkja til Førde og putta ballen i nettet to gonger, før innbytar Kristian Fardal Opseth putta to mål på åtte minutt mot slutten av kampen, ifølgje Firda.no si liveteneste.

– Dei jobbar steinhardt for kvarandre

Trenaren er imponert over det laget får til, og trur det er fleire grunnar til at dei no leiar tabellen.

– Det er mange gode fotballspelarar i Førde no. Dei har ein mentalitet, ein stå-på-vilje og ein moral, og set like store krav til seg sjølve på trening som på kamp. Då blir det bra.

– Det er eit ekstremt samhald i laget og dei jobbar steinhardt for kvarandre, seier Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde sikra seg tre nye poeng etter 4-2 siger mot Asker

JUBLA: Med to mål kvar gav Kristian Fardal Opseth og Christoffer Hafsås lagkameratane mykje å juble for.

Foto: Alf Vidar Snæland

Satsa alt etter 2–2

Etter 70 spelte minutt stod det 2-2, og Førde-trenaren vedgår at dei då tok ein sjanse.

– Vi gamla litt når vi flytta mykje folk i angrep etter 2–2. Vi fekk Kristian (Fardal Opseth red. anm) innpå, og han avgjer det. Vi er ein mann meir og då synst eg det er fornuftig å risikere litt, seier trenaren.

Ein annan som er godt nøgd er Førde si forsvarsklippe, Vegard Gjermundstad.

Vegard Gjermundstad

KLIPPE: Vegard Gjermundstad stod fjellstøtt i Førde-forsvaret mot Asker.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Forsvarsjobben er veldig bra i første omgang. Etter 2–1 dett vi litt ned og kjem ikkje inn i det, men så får vi 2–2 og då bestemmer vi oss for å køyre på og får til slutt 4–2. Det var veldig, veldig godt, seier han.

– Asker spelar betre fotball enn oss

Alexander Ødegaard stod for den målgivande pasninga til 1–1 målet og er stolt over det han og lagkameratane får til.

– Det er ein arbeidssiger. Vi jobbar som nokre heltar og står på til siste minutt, seier han.

– Asker spelar betre fotball enn oss, men vi satsar på kontringar og det fungerte bra, seier han.

– Vi har mykje sjølvtillit no

Gjermundstad er samd med trenaren i karakteristikken av laget.

– Vi har eit veldig bra fotballag i Førde no. Vi får det til med heile laget. Dette er ein slitesiger, og det er ufatteleg godt, seier han.

No er det Bærum som står for tur, og både trenaren og forsvarsklippa trur det kan bli tre nye poeng der.

– Vi har mykje sjølvtillit no. Men det gjeld å nullstille seg og begynne på nytt att. Det blir ein tøff kam, men det er den siste kampen før ferien og vi skal gi alt og gjere det vi kan for at det skal bi ei god oppleving, seier Gjermundstad.

– Klart ein blir rørt

Trenar Folland er trygg på at det ikkje er fare for at spelarane skal ta av, og seier om det skjer, så er det andre spelarar som får dei ned på bakkenivå att.

– Det er ei veldig dynamisk spelargruppe som er oppteken av å gjere det bra.

Han vedgår at det rører han når laget gjer det så bra.

– Vi har eit veldig godt apparat rundt klubben som jobbar mot eit felles mål, og vi er alle veldig glade om dagen. Det er klart ein blir rørt når ein ser slike prestasjonar, seier han til NRK.no.

Kristian Fardal Opseth skårer mot Asker

SIGERSMÅLET: Kristian Fardal Opseth putta inn sigersmålet då Førde vann 4–2 over Asker på heimebane.

Foto: Alf Vidar Snæland
Knut Erik Folland

FEKK MYKJE Å GLEDE SEG OVER: Førde-trenar Knut Erik Folland.

Foto: Alf Vidar Snæland
Christoffer Hafsås skårar første målet for Førde mot Asker

STARTA REKKA: Christoffer Hafsås putta to mål for heimelaget då Førde slo Asker i strålande sol.

Foto: Alf Vidar Snæland