Hopp til innhold

Har teke nesten 20 medaljar - men kunne ha enda framfor eit TV-spel

Foreldra måtte køyre opp løype med traktor heime på garden då Jarle Midthjell Gjørven (20) og Johan Eirik Meland (19) byrja å fatte interesse for skiskyting. Mange år seinare har stryningane skapet heime smekkfullt av NM-medaljar.

Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland under NM på Dombås

MEDALJEGROSSISTAR: Jarle Midthjell Gjørven (t.v.) og Johan Eirik Meland kan trygt smile med tanke på medaljefangsten i juniorklassane. Her er dei under senior-NM på Dombås.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Pappa køyrde opp løype med skuffa på traktoren. Så gjekk eg på ski med hovudlykt ute på jordet, humrar Jarle Midthjell Gjørven.

Han er nett ferdig med ei lett trening under NM i skiskyting på Dombås. Saman med kameraten Johan Eirik Meland skal han gå fleire av distansane under senior-NM – sjølv om dei framleis er juniorar.

Saman med NRK.no har duoen rekna seg fram til at dei til saman nærmar seg 20 NM-medaljar på juniornivå.

Pappa køyrde opp løype med traktor

Men då dei to skiskyttartalenta var små, var det nok ikkje så mange som ville ha vedda på at gutane skulle sanke NM-medaljar...

– Vi var begge av den same typen – late og smålubne. Eg er glad foreldra våre drog oss med på ski, seier Midthjell Gjørven.

Han er vaksen opp nokre kilometer unna kameraten i Oppstryn. Skulle dei trene skiskyting, var nærmaste anlegg Ullsheim, 20–30 minutt unna med bil. Då var det godt å ha eigne trasear heime på bøane i tillegg.

– Foreldra våre har vore heilt avgjerande. Også heime hos oss vart det køyrt løype med traktor. Og vi bygde eiga skytebane, seier Meland.

– Utan innsatsen frå mamma og pappa, hadde vi nok spelt Playstation den dag i dag, ler Midthjell Gjørven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jarle Midthjell Gjørven under NM på Dombås

BLANT SENIORANE: Jarle Midthjell Gjørven enda på 35. plass etter sju bom i den vanskelege vinden på opningsdistansen under NM for seniorar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Håpar på plass på landslaget

Etter at klubbkameraten Tarjei Bø for alvor slo igjennom, har Markane blitt reinaste talentfabrikken. Også Johannes Thingnes Bø er på landslaget, og no bankar først og fremst Midthjell Gjørven på døra til juniorlandslaget.

– Landslaget har vore eit mål for meg heile denne sesongen. Eg trur det er viktig for meg. Vil gjerne ta eit nytt steg no, seier 20-åringen.

Han har eitt år igjen som junior. Meland har to år igjen før han tek steget opp blant seniorane. Han trur ein landslagsplass no er eit stykke unna.

– Eg var bitter då eg ikkje kom med på landslaget i fjor, men i år er nok moglegheitene ganske små. Kan eg halde fram med utviklinga neste år, kan eg kanskje vere aktuell neste år igjen, håpar Meland.

Vil bli best i verda. Ingen tvil

Midthjell Gjørven var den einaste av dei to som gjekk opningsdistansen på 20 kilometer onsdag. Han står over sprinten fredag, medan Meland deltek. Laurdag er det fellesstart, og søndag er det stafett.

Som juniorar har dei ikkje ambisjonar om medaljar. Denne gongen.

– Kva mål har de med skiskytinga?

– Det er å bli best i verda. Ingen tvil. Som eit delmål vil eg gå internasjonale renn. Det hadde vore stort å få gå i europacupen – nivået under verdscupen, seier Midthjell Gjørven.

– Først og fremst vil eg leve i nuet og ha det kjekt. Så får eg ta år for år. Eg håpar jo å gjere det bra på seniornivå. eg vil iallfall finne ut kor god eg kan bli – slik at eg slepp å spekulere på det etter at eg har lagt opp, seier Meland.

Johan Eirik Meland på innskyting under NM 2013

KLAR: Johan Eirik Meland tok sølv i junior-NM for to veker sidan. Det blir nok tøffare i møte med dei beste seniorane.

Foto: Rune Fossum / NRK