NRK Meny
Normal

Mange av sauene hans er drepne i trafikken

Åtte av sauene til Ronald Haaland er drepne i trafikken i år. Og framleis saknar han 20 sauer.

Ronald Haaland

FORTVILAR: Sauebonde Ronald Haaland fryktar han har mista fleire titals sauer i trafikken i år.

Foto: Privat

– Eg fryktar at enda fleire sauer er påkøyrt, seier Ronald og er oppgitt over situasjonen.

Han er sauebonde på Stadtlandet og slepte 300 dyr på beite i vår. 185 av dei var lam.

– Åtte sauer veit eg er påkøyrd. Og eg saknar 20 fleire som eg nærast har avskrive, seier Haaland.

Han har sauene sine på beite fleire stadar. Nokre av dei legg seg på asfalten om kvelden.

– Dei er pelssau, så dei er asfaltgrå, og det seier seg sjølv at dei er vanskeleg å få auga på, seier sauebonden.

Trafikkdrept sau

PÅKØYRT: Ein av sauene som er blitt påkøyrt i år.

Foto: Ronald Haaland

Melder ikkje frå

– Men å køyre på ein sau er éin ting. At bilistar som er uheldige og køyrer på sau ikkje seier ifrå, tykkjer eg er langt verre, legg han til.

For berre to av dei åtte han til no veit er påkøyrt, vart meldt av bilførar.

– Det er totalt uansvarleg. Bilførarar som ikkje melder frå burde mista førarkortet. Ei påkøyrsle er ei stor liding for dyra og eit økonomisk tap for dyreeigar, seier Haaland.

Han fryktar at mange av sauene hans har lidd etter påkøyrslene.

– Alle dyra eg har funne har vore døde. Men ein vaksen sau hadde kava seg ti meter ned i vegkanten før den døydde. Sauen hadde levd ei stund med store skader, seier Ronald Haaland.

Påkøyrd sau

LIR: Minst ein av sauene har lege att med store skadar og lidd etter påkøyrslene, ifølge Haaland.

Foto: Roland Haaland

Dyra er merka

Han seier det er umogleg for ein bilførar å ikkje merke at han eller ho har køyrd på ein sau. Han minner om at kvar sau er merka med telefonnummer og namn. Lamma har dette i øyra, dei store sauene har halsband.

Påkøyrslene har skjedd på strekninga frå Bysjane til Morkdalen på Stadtlandet.

– Dei som køyrer på sau, må gje beskjed. Det kjem eit erstatningskrav, men dei fleste forsikringane dekker dette utan bonustap, seier Haaland.

– Men kan du ikkje få gjort noko med sauene som trekker mot vegane?

– Over tid kan eg kutte ut dei dyra som har for vane å legge seg på asfalten. Men det tek tid. Eg har framleis att 20–40 dyr som har denne vanen, seier Haaland.

Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, kjenner ikkje dei konkrete sakene, og uttaler seg difor på generelt grunnlag.

– Som bilførar har du plikt til å varsle saueeigar dersom ein køyrer på sauer slik som det er beskrive her. Dersom dei ikkje veit kven som er eigaren, så skal politiet varslast, seier Hvattum.

– Kva reaksjonar risikerer sjåførar som ikkje varslar om at dei har køyrt på sauer?

– Det er eit straffbart etter vegtrafikklova, og sjåføren risikerer bøter, seier Hvattum.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå