NRK Meny
Normal

Morellbønder har mista ein fjerdedel av avlinga etter frostnetter

Morellbøndene i Lærdal har samla hatt ein avlingssvikt på 25 prosent etter frostnetter som kom midt i bløminga.

Moreller på Linge

Morellavlingane i Lærdal fekk seg ein kraftig trøkk tidleg i mai, då nokre frostnetter kom midt i fruktbløminga.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Marianne Bøthun

AVLINGA SVIKTAR: Marianne Bøthun i Norsk Landbruksrådgjeving seier avlinga sviktar, men at det likevel skal bli nok morellar. (Arkivfoto)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Marianne Bøthun i Norsk Landbruksrådgjeving frykta frostnettene tidleg i mai skulle gje enno større svikt.

– Det har ikkje gått så gale som vi trudde. Prognosane er vel at vi får ein avlingsreduksjon på 25 prosent, seier ho.

Store skilnader i hagane

Morellavlingane i Lærdal fekk seg ein kraftig trøkk tidleg i mai, då nokre frostnetter kom midt i fruktbløminga. I fjor produserte morellbøndene 150 tonn.

Men anslaga så langt tyder på ein avlingssvikt på 25 prosent. Leiaren av morellutvalet i Lærdal frukt og grønt, Mark Brooks, er ein av bøndene som verkeleg har fått merke konsekvensane av frosten.

– På mi eiga avling har vi fått 60 prosent reduksjon slik det ser ut no. Frosten har treft litt forskjellig i hagane. Dei som dyrkar opp i bakkane har fin avling, men det som er nede på bakken har frose. Det er det omtrent ikkje bær i det heile teke, seier han.

Trur likevel det blir nok

Sjølv om ikkje Brook mister motet av motgangen, tykkjer han det er tungt å konstatere at mykje arbeid er gått tapt.

– Morellproduksjonen er kostbar å setje i gang. Det er store investeringar og når ein har gjort dei, er det eit tilbakeslag når frosten tek knekken på avlinga.

Men bøndene er optimistar og Marianne Bøthun trur framleis det vil bli rikeleg og gode morellar.

– Det kjem til å bli rikeleg med morellar. Og når det blir færre på eit tre, blir kvaliteten betre fordi dei blir større og saftigare, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser