Hopp til innhold

Ho styrer fylket med mest gjeld i heile landet

Gjelda til Sogn og Fjordane fylkeskommune blir berre større og større. Ingen fylke i landet har meir gjeld enn fjordfylket på Vestlandet.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

VARSLAR TØFFARE TIDER: Med stadig meir gjeld må Sogn og Fjordane fylkeskommune vere ytterst forsiktige med nye investeringar og låneopptak, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkeskommunen hadde i 2013 ei gjeld på 2,3 milliardar kroner. Dette svarar til 21.110 kroner per innbyggjar, og er langt meir enn landssnittet på 10.000 kroner per innbyggjar.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet seier fylkeskommunen har blitt sårbare mot renteendringar og svikt i inntektene.

– Vi er meir sårbare både i forhold til rentejusteringar om ein ser dette på sikt, og vi er meir sårbare ved eventuelle endringar i inntektssystemet. Der er vi veldig spente på kva som vil kome, seier Kjelsnes til NRK.no.

Varslar tøffare tider

Ved inngangen til 2013 var gjelda til Sogn og Fjordane fylkeskommune på om lag to milliard kroner. I løpet av året vaks gjelda med heile 300 millionar kroner, og er no oppe i formidable 2,3 milliard kroner. Dette er det doble av landssnittet.

I snitt auka gjelda med 3000 kroner per innbyggjar. Fylkesordføraren vedgår at om renta går opp i framtida, og om regjeringa i tillegg kuttar i overføringane til fylka vil stoda bli svært krevjande.

– Dette betyr at vi må vere veldig forsiktige med nye investeringar og låneopptak for å kunne betene det i skiftande tider framover, seier fylkesordføraren.

Mindre til veg og skule

I løpet av året kan forskotterte vegmidlar kome tilbake til fylket, noko som betrar situasjonen. Dette gjeld 130 millionar kroner til vegprosjektet «Gullringen» i Luster, som skal dekkast av nasjonale raspengar.

Men når gjelda veks blir det mindre pengar til nye investeringar i både veg og skule.

Sjølv om fylkespolitikarane no må knipe inn meiner Åshild Kjelsnes at fylkestinget ikkje har teke seg vatn over hovudet.

– Dei låneopptaka som har blitt gjort har det vore brei politisk semje om. Vi har store vegprosjekt som har vore heilt nødvendig å få realisert, og vi har gjort ei omfattande oppgradering av bygningsmassen vår.

– Men det er heilt klart at dette ikkje kan halde fram i same tempo, spesielt ikkje om rammevilkåra blir vesentleg endra.