Hopp til innhold

Har meldt trugsmål til PST

Liv Signe Navarsete har fått fleire trugslar den siste tida etter saka om sex-meldinga. Den alvorlegaste trugselen har ho sendt vidare til PST.

Senterpartiets landsmøte 2017.

FÅTT BÅDE STØTTE OG TRUGSLAR: Liv Signe Navarsete fortel om ei tid der ho har fått både støtte og trugslar.

Foto: OLE MARTIN WOLD / NTB scanpix

– Det var ei trakasserande melding som eg opplevde truande av typen «eg veit kor du bur», seier Navarsete til Aftenposten.

Til avisa ønskjer ho ikkje å utdjupe innhaldet, utover at ho opplevde innhaldet som trakasserande.

Utover nokre ubehagelege meldingar, seier Navarsete at ho har fått enormt mykje støtte, både frå partifolk, vener og frå folk ho ikkje kjenner.

– Alt frå dei som berre vil seie noko støttande til dei som tilbyr løgndetektortest eller andre praktiske råd for å hjelpe til. Det har vore veldig hyggjeleg, seier ho til Aftenposten.

På spørsmål frå avisa om korleis ho opplever støtta frå 1. nestleiar Ola Borten Moe, svarar Navarsete dette:

– Nja, det er vel uansett bra med støtte. Det gjer ikkje noko meir inntrykk på meg at det kjem frå akkurat han. Men han er for så vidt ein leiarskikkelse i denne gjengen, og dermed kanskje den som har den nødvendige autoritet til å få nokon til å snakke, seier Navarsete til Aftenposten.

Fått trugslar etter sex-melding

Tidlegare Sp-leiar Åslaug Haga bad på fredag partiet om å suspendere Ola Borten Moe og dei andre som var med på hytteturen.

Navarsete har fått trugslar etter at saka om sexmeldinga kom fram i media. Det var på ein hyttetur i Åre i 2016 at ei tekstmelding «Vi har lyst på fitta di» blei sendt til Navarsete. Alle dei ti som var med på turen, har den siste tida benekta å ha sendt meldinga. Åtte av dei ti som var på hytteturen har tillitsverv i Senterpartiet.

No er det opp til generalsekretæren i Senterpartiet, Knut M. Olsen, til finne ut av kven som står bak meldinga.

– Eg har kontakt med alle dei involverte og har tett kontakt med Liv Signe. Folk skal vere trygge på at vi tek varslarsaker på det største alvor, sa Olsen til NRK.