Var medlem i 30 år - har meldt seg ut av Høgre i protest

Eva Marie Halvorsen har vore medlem og tillitsvald i Høgre i over 30 år. No har ho meldt seg ut i protest mot regjeringa sitt vedtak om å tillate utslepp av gruveavfall til Førdefjorden.

Eva Marie Halvorsen

STERKT KRITISK: Eva Marie Halvorsen meiner at regjeringa sviktar viktige konservative prinsipp.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Eg er ikkje imot gruvedrift, men fjorddeponi er grensa. Eg kjenner ikkje partiet sin politikk igjen og eg synest det vedtaket som er gjort strir så mykje mot grunnprinsippa i konservatismen at eg ikkje lenger kan vere medlem i Høgre, seier Halvorsen.

Fredag bestemte regjeringa seg for å gje Nordic Mining løyve til å sleppe ut i alt 250.millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden. Selskapet har sagt at dei treng fire år frå no til å etablere gruvedrifta i Engebøfjellet.

Såg ikkje noko alternativ

Men for mangeårig tillitsvald i Høgre, Eva Marie Halvorsen, var regjeringa sitt vedtak det som fekk begeret til å renne over. For ho var det ikkje lenger noko alternativ å halde fram sitt arbeid i partiet. Ho er tidlegare fylkesnestleiar, og tidlegare varaordførar i Førde.

– Vi har jo tidlegare i Førde Høgre hatt eit samrøystes vedtak mot deponiet. No må eg jobbe på andre måtar, det strir mot ein veldig grunnleggande identitet i meg som eg ikkje kan foreine med å vere medlem i Høgre lenger.

Vil vere partilaus

– Har du vurdert å melde deg inn noko anna parti?

– Det har eg ikkje, men det kan jo hende eg kjem til å gjere det. Men på noverande tidspunkt vil eg vere partipolitisk nøytral. Eg kjem til å prøve å påverke så godt eg kan, og samarbeide med dei som er samde i at dette er ein katastrofe for Førdefjorden.

Blant motstandarane av fjorddeponi har reaksjonane har vore svært sterke etter regjeringa sitt vedtak. Mellom anna har over 1150 har til no meldt frå til Natur og ungdom at dei vil vere med og lenke seg fast for å hindre fjorddeponi i Førdefjorden og Repparfjorden i Finnmark.

Positive reaksjonar

Eva Marie Halvorsen vil ikkje varsle om ho vil gå så langt som å leggje seg i lenker mot deponiet, men ho seier at ho berre har fått positive reaksjonar etter utmeldinga frå Høgre.

– Dei synest det er viktig å stå opp for saka og syne kva ein meiner. Eg får også støtte på å gå til utmelding når ein ikkje når fram gjennom dei vanlege kanalane. Folk tykkjer at eg er modig og tøff, seier Halvorsen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.