NRK Meny
Normal

17 av 50 skirenn avlyste i vinter - skikrinsen overraska over at ikkje fleire vart kansellerte

Vinteren har vore snøfattig og mange skisenter har slite. Likevel har langt fleire arrangement enn ein skulle tru blitt gjennomførte.

Rypeskarrennet 2013

I FJOR: Slik såg det ut under Rypeskarrennet på Utvikfjellet i fjor. I år er det tradisjonsrike turrennet blant fleire, men likevel overraskande få, avlyste skirenn i vinter.

Foto: Astrid Fjellestad Hauge

Det har vore krisestemning hos enkelte skianlegg denne vinteren, men til og med administrasjonssjef Yngve Thorsen hos Sogn og Fjordane skikrins er overraska over kor mange renn som er avvikla.

– Vi har gjennomført veldig mykje av aktiviteten vår når det gjeld rennavvikling og den biten. Sjølvsagt er svært lite gjennomført etter oppsett terminliste, men vi har fått gjennomført veldig mykje ved å flytte rundt på renna, seier Thorsen.

Sogndal tok unna

Veldig mange av helgane har dei lokale skihåpa måtte ta turen til Sogndal og Hodlekve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barnetrekket ved Hodlekve

GODE FORHOLD: Slik ser det ut i barnetrekket på Hodlekve i dag. – Sjølv om det tærer på no, så vil det vere greie forhold til påske, seier Dag Henning Hove om tilhøva i langrennssporet.

Foto: Webkamera

– Det er ikkje tvil om at både langrenn- og alpingruppa i Sogndal har vore svært viktige i høve til at vi har klart å skape renntilbod nær kvar helg, seier Thorsen.

– Det har vore hektisk, men det er berre positivt. Slik vi har sett det, så er det viktigaste at ungane får gå på ski – uansett kvar det er, seier Dag Henning Hove i langrennsgruppa til Sogndal.

Gode forhold

Langrennsgruppa i saftbygda skulle etter planen arrangere eitt krinsrenn. I staden er det blitt fem, der tre er i samarbeid med opphavleg arrangørklubb.

Yngve Thorsen

SJEF: Yngve Thorsen er administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For her har det vore kjempeforhold sidan romjula og sogndølane har på kort varsel kunne teke på seg arrangement.

– Skikrinsen har vore veldig hjelpsame med å få ordna ting, og ved dei høva der vi berre har hjelpt til, så er det med løypekøyring, tilrigging og eigentleg berre vise dei kvar ting er, seier Hove og legg til at fleire renn ikkje nødvendigvis treng bety stor økonomisk vinst.

Avlyste 17 av 50 renn

Ei rask oppsummering av terminlistene til skikrinsen, viser at seks av dei planlagde alpinrenna i vinter vart avlyste.

På langrennssida er talet noko høgare, men 18 av 29 gjennomførte renn er overraskande med tanke på korleis vinteren har vore.

– Her er det ikkje all verda som er avlyst om ein ser vekk frå turrenna no på vårparten. Ser vi frå perioden 1. januar til utgangen av mars, så er det faktisk berre ei helg vi ikkje har hatt tilbod om langrennsarrangement, seier Thorsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harpefossen skisenter

INGEN FINALE: Harpefossen skulle etter planen arrangert Fjord1-finale i alpint denne helga. Finalen er i staden flytta til Hodlekve med Sogndal som medarrangør.

Foto: Webkamera

Avlyste turrenn

Sesongen er ikkje heilt over sjølv om vi er godt i gang med april. Førstkommande helg arrangerer nemleg Sogndal og Haugen IL Fjord1-finale på Hodlekve. Denne skulle etter planen gått på Harpefossen.

Med påska like om hjørnet, skulle det også vore duka for fleire tradisjonsrike turrenn, men Hafslovatnet Rundt, Rypeskarrennet og Holmøyskarrennet er alle avlyste grunna snømangel.

– Det er veldig synd. Vi veit at renna er populære og mønstrar mange store og små, mosjonistar og konkurranseløparar, seier Thorsen.

– Vanskelege å flytte

Skjærtorsdag kan langrennsentusiastane likevel få leggje ut i langrennssporet. Bjønnarennet i Luster skal arrangerast, men blir flytta frå Breheimssenteret under Nigardsbreen til Leirdalen.

– Sjølv om vi har fått arrangert mykje i vinter, så viser det viser korleis sesongen og snøforholda har vore i vinter. Og turrenna er vanskeleg å flytte rundt på sidan arrangementa er veldig stadbotne, avsluttar han.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.