NRK Meny
Normal

Har mange ballar i lufta

Sigeren mot Voss med Førde sitt damelag føyer seg inn i rekka av oppturar for Kjerstin Boge Solås (17) denne sesongen.

Førde Voss Handball

TALENT: Kjerstin Boge Solås med nummer fem på brystet kunne juble saman med lagvenninner etter søndagens siger mot Voss.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Eg er nøgd, men det var ein periode i andre omgang der vi bomma litt og kanskje slapp inn litt unødvendige mål. Vi har framleis ting å jobbe med, seier Kjerstin Boge Solås.

Dale-jenta speler på både Dale og Førde sine damelag, i tillegg til å ha fast plass på juniorlandslaget, som ein av dei første på lenge frå Førde, og ein av dei yngste nokon sinne.

33–21 vart stillinga i gårsdagens kamp – den siste på heimebane denne sesongen.

Førde Voss Handball

SUVEREN SIGER: Førde slo Voss 33–21 i Førdehuset søndag.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Rosar jentene

Trenar Øyvind Indrebø er letta etter å ha vunne den avgjerande kampen.

– Eg er godt nøgd med at vi vant såpass klart. Vi spelar ein klar førsteomgang, og så er vi litt slurvete i andreomgang. Vi kjem oss til gode sjansar, men vi klarer ikkje å sette dei, og slepp kanskje Voss unødig til.

Voss var berre tre mål bak Førde eit stykke ut i andreomgang.

– Men jentene skal ha ros for at dei beheldt roa, og i siste del av kampen var det berre eitt lag på bana. Vi hadde ei god avslutning, og det er godt å ta med seg inn i dei to neste vekene.

Spelar om opprykk

28. mars skal dei møte Fyllingen til seriefinale, og det vert vinnaren her som får spele om opprykk til 1. divisjon. Solås vil ikkje vere til stades første veka då ho skal på landslagssamling.

– Det er jo heilt glimrande for Kjerstin, at ho får den referansen på høgt internasjonalt nivå. Så vert ho med oss å trene den andre veka, smiler trenaren, som omtaler den unge jenta som eit kjempetalent.

Øyvind Indrebø og Førde handball

KJEMPETALENT: Trenar Øyvind Indrebø (t.v.) skryt av den unge Dale-jenta.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

I ein klasse for seg sjølv

Solås seier at ho er på landslagssamlingar omtrent ein gong i månaden.

– Det vert ein del reising. Det er trening både i Dale og Førde, og så er det kampar rundt i fylket og litt i Hordaland.

Indrebø trur ho toler dette, og seier at ho er flink til å trene og verkar til å like det.

– Ho set krav til seg sjølv både i medgang og motgang. Spelemessig er ho i ein eigen klasse, spesielt i forsvar. Det er ein utruleg spennande spelar som har framtida framfor seg.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.