Hopp til innhold

Kim Andre (23) har mål om å bli verdas sterkaste – vil starte i det små, med bronse

Berre nokre månader etter at han gjorde comeback luktar styrkeløftaren Kim Andre Blikås frå Førde på edelt metall blant verdas beste. I morgon skal han løfte på sitt første senior-VM, og det «beskjedne» målet er ein bronse...

Kim Andre Blikås klar for styrkeløft VM i Sør-Afrika

AMBISJONAR: Kim Andre Blikås har klare mål for meisterskapen i Sør-Afrika denne helga. Her er han på arenaen før sitt første senior-VM, der han håpar å kunne reise heim med ein bronse i bagasjen.

Foto: Privat

– Eg er byrja bli ganske gira no, røper 23-åringen frå andre sida av jordkloden.

For i Potchefstroom i Sør-Afrika er det styrkesport for alle pengane denne veka, der VM i styrkeløft utan utstyr går av stabelen. Kvinner og venn frå alle verdas hjørne er samla for å måle krefter, og ein av dei er ein kraftplugg på like oppunder 93 kilo frå Førde.

Og Kim Andre Blikås har ingen planar om å bli berre listefyll. Etter eit opphald på tre år, satsar han no på styrkeløft for fullt, og han held ingenting tilbake når han blir spurt om målsettinga.

– Eg skal jo bli ein av verdas beste, så eg må legge lista i år og gjere det såpass bra at det kan bli skikkeleg bra neste år, flirer han.

– Ja, så du startar i det små i år då eller?

– Ja, ein må begynne i det små. Kanskje blir det ein bronsemedalje, gliser han.

Sikra NM-sølv i comebacket

Og ingen kan nekte han å vere optimistisk. Allereie som 15-åring vart han forelska i styrkeløft, og han var med på fleire NM som ungdom. I 2010 toppa det seg med deltaking i både nordisk meisterskap, EM og VM.

Men så la han satsinga på hylla.

– Eg hadde ikkje motivasjon lenger, fortel Blikås som no vel å gle seg over at han allereie er tilbake på det nivået han var då han gav seg.

For om lag fire år etter at han sist var med på eit VM, er han tilbake på podiet. I fjor sommar vart han nemleg utfordra av ein annan kraftplugg frå Førde, den erfarne styrkeløftaren Alexander Kirketeig. Dette enda med at han med berre nokre få månaders trening stilte på junior-NM, og han beit kraftig frå seg.

– Eg hadde ikkje trent noko særleg, men eg trente med dette stemnet som mål, og hamna til slutt berre 2,5 kilo bak gullvinnaren i klassen, fortel Blikås med eit glis.

I kampen om gullet miste han 312.5 kilo ned på tærne, men til alt hell gjekk det ikkje verre enn at han var tilbake i trening kort tid etterpå.

(Artikkelen held fram under videoen)

Kim Andre Blikås løfta for NM-gull, då han mista 312 kilo med blytunge vekter ned på tærne sine.

SJEKK DETTE: Under Junior-NM i november miste Kim Andre Blikås 312,5 kilo ned på tærne i forsøket på å sikre seg gullet. FOTO: Simen Grasto.

Trenar seks gonger i veka

Sidan NM i fjor haust har han forsaka både tid med vener og fest og moro for å gje alt for styrketreninga. Med base i Førde er han no i ferd med å få seg studiekompetanse, før planen er å bli fysioterapeut.

Kvardagen til 23-åringen er heilt klart prega av styrkeløft. Seks treningsøkter i veka på to timar kvar er det som må til i styrkerommet, ifølgje han sjølv.

– Det kostar litt, men det er verdt det.

– Det er det kjekkaste eg veit å drive med, så eg er veldig glad eg har begynt på igjen, seier han.

Satsar på rå styrke

I styrkeløft har det dei siste åra blitt eit stadig større skilje mellom dei som løftar med, og dei som løftar utan utstyr. Utstyr vil seie drakter i eit svært stivt og sterkt materiale, som for dei aller fleste vil gjere at dei kan løfte meir.

– Du løftar kanskje 50 kilo meir med drakt enn utan, men det er veldig teknisk krevjande, fortel Blikås.

Sjølv har han førebels valt å satse meir på løfting utan utstyr. Skal ein trene med til dømes benkpressdrakt må ein ha hjelp av fleire andre berre for å få på seg drakta.

– I ein liten klubb som Førde er det litt vanskeleg å få til å trene med drakt. På stemne er det også mindre stress når ein slepp utstyret, seier Blikås.

Og at løftarane utan utstyr i endå større grad måler rå styrke, er heller ikkje ei ulempe.

– Når vi trenar mot ein konkurransen treng vi berre konsentrere oss om å vere sterkast mogleg. Det er litt kjekkare å fokusere på det, enn teknikk på drakt, seier ungguten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kim Andre Blikås

JUNIOR-EM: Kim Andre Blikås er ikkje heilt ukjent med internasjonale konkurransar. I 2010 var han med på både EM og VM som junior. Biletet er frå EM.

Foto: Norges Styrkeløftforbund

Håpar å setje nye persar

Med utstyr er dei personlege rekordane hans 290 kilo i knebøy, 220 kilo i benkpress og 305 kilo i markløft. Utan utstyr står han oppført med personlege rekordar på 235 kilo i knebøy, 185 kilo i benkpress og 312,5 kilo i markløft.

I morgon skal Blikås i elden under utstyrsfritt VM i Sør-Afrika, og han håpar å flytte sine eigne persar.

– Knebøy er mi svakaste øving, på grunn av ein skade eg har hatt i fleire år. Men eg har fått trent veldig bra i det siste. Eg håpar perse med ti kilo, men eg kjem uansett ikkje til å hevde meg i denne øvinga, sidan nivået i min klasse er heilt spinnvilt, seier Blikås.

I benkpress og markløft har han derimot håp om å hevde seg.

– I benkpress er det realistisk med topp fem plassering, kanskje bronse om eg greier 190 kilo, gliser han.

I den siste øvinga, markløft, torer han ikkje love mange kilo meir enn sin personlege rekord.

– 312,5 kilo er ganske bra, og dette er ei øving eg har hatt ganske mykje progresjon i den siste tida. Men om eg greier perse, så er eg godt nøgd, seier han.

Imponert og inspirert av løftinga på VM

Motivasjonen og iveren er det iallfall ingenting å seie på. Nokre dagar i stemnehallen har berre gitt han blod på tann for å bli sterkast mogleg.

– Nivået er heilt spinnvilt høgt. Eg såg til dømes ei 40 år gamal dame på 57 kilo som løfta 140 kilo i benkpress, utan utstyr altså…

– Det er heilt vanvitig, slår 23-åringen fast.

Også lagkameratane frå Norge inspirerer førstereisguten. 75 år gamle Truls Kristensen frå Askim løfta før i veka 197,5 kilo i knebøy, noko som er ny verdsrekord.

– Ein mann på 75 år som løfter nesten 200 kilo i knebøy, det er ganske inspirerande og ikkje slikt eg ser på trening til vanleg, seier Blikås.

Håpar å finne roa...

Fredag kjem han til å halde seg litt unna stemnearenaen. No skal han prøve å finne roa før det brakar laust med løfting klokka 13 laurdag ettermiddag.

– Eg har hatt nokre rolege dagar her nede og funne roa, men no i dag kjenner eg at eg byrjar bli ganske gira… Eg gler meg, seier han.

Du kan følgje stemnet via lenker på Norges Styrkeløftforbund sine nettsider (eksterne lenker, NRK står ikkje ansvarleg for innhaldet).