NRK Meny
Normal

Har lite sjølv, gir til tiggarar: – Eg veit korleis det er å vere fattig

Dagleg ser vi dei sitje der på hushjørna og utanfor butikkane. Men ikkje alle går rett forbi.

Maryam Karimi

VIKTIG Å HJELPE KVARANDRE: Maryam Karimi overraska ein ung kvinneleg tiggar med ei gåve.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Flyktningen Maryam (28) eig nesten ingenting, men ville likevel hjelpe.

– Eg veit korleis det er å vere fattig. Det er viktig å hjelpe kvarandre, seier ho.

Lite å rutte med sjølv

Ein heilt vanleg tysdag ettermiddag i Førde syklar afghanske Maryam Karimi til butikken. Utanfor møter ho ein kvinneleg tiggar. Ho frys. Ønskjer seg varmare netter.

NMS Gjenbruk Førde ligg to minuttar gange unna. Endå kortare med sykkel. Dit tar ho turen. Etter å ha kika seg litt rundt inne i lokalet, bestemmer ho seg for å spørje.

– Har de dyner?

Ei av dei frivillige som jobbar i butikken hjelper ho å finne ei sommardyne.

– Ei dame på gata sa til meg at ho frøys slik om nettene. Eg tenkte at det var ikkje bra, og at eg kanskje kunne hjelpe. Her er det jo så billig, seier Karimi.

Sjølv bur ho i ein kommunal bustad saman med sonen sin på 8 år. Ho har ikkje stort å rutte med.

Omsette for ein million

Bruktbutikken er driven av Det Norske Misjonsselskap og har heilt sidan oppstarten i 2006 vore på toppen av lista over dei 47 NMS-butikkane i landet. Også i fjor låg dei blant topp tre, med omsetnad på over ein million kroner. Overskotet frå butikkane går til hjelpearbeid rundt i verda.

Olaug Aamot

MEININGSFULLT: Olaug Aamot arbeider på NMS Gjenbruk i Førde ein dag i veka. Ho synest det gjer arbeidsdagane meiningsfulle å vite at innvandrarane finn det dei treng hjå dei.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Olaug Aamot er ei av mange frivillige som driv butikken. Ho seier innvandrarane i kommunen er blant dei som oftast er innom.

– Dei er på leit etter både småting til romma sine og større møblar til bustadane dei etter kvart har fått. Vi køyrer ofte møblane heim til dei, sidan dei ikkje har bilar, seier ho.

Aamot seier at det kjennest fint å vite at dei hjelper folk som treng det. Både her heime og elles i verda.

– Eg vil seie at det gjer det vi driv med litt meir meiningsfullt. Om innvandrarane berre er innom for å slå av ein prat, så trur eg det får dei til å føle seg inkluderte. Hit kan dei kome både for ein billig handel og for ein kaffikopp i sofakroken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Delshan Hassan og Jin

NYE KRUS: Delshan Hassan (31) og tantebornet Jin (5), flykta frå Syria for fire månadar sidan. Dei ser etter biletrammer og nye krus som Jin har knust medan han leika.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– God bless you

I kassa betalar Maryam Karimi dyna med eit smil. Utanfor hentar ho sykkelen og startar leitinga etter den unge kvinna som ikkje eig nåla i veggen.

På nesten same stad som før står ho og er tydeleg overraska over at nokon har bestemt seg for å oppfylle ønsket hennar. Ho smiler breitt.

– Eg har kjøpt dyne til deg! Er du glad no?

Maryam strålar minst like mykje som mottakaren. Etter ei lita stund får sistnemnde stotra fram nokre hjartevarmande ord.

– Thank you so much. God bless you.

Så går Maryam heimatt. Til det vesle ho sjølv har.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser