Hopp til innhold

Har leverte sine første bilfelgar

Den nye felgfabrikken i Høyanger har levert sine første bilfelgar til Audi.

Felgproduksjon ved Saint Jean Wheel Høyanger

PRØVEPRODUKSJON: Ti personar arbeider no ved Saint Jean Wheel i Høyanger. Hilmar Lindskog er ein av dei som har vore med å levere dei første felgane til Audi.

Foto: Saint Jean Wheel Høyanger

I lokala til konkursråka Fundo Wheels i Høyanger har dei no starta opp prøveproduksjonen av den spesielle todelte hybridfelgen som Fundo tok patent på like før konkursen i 2009.

I august sende det nye selskapet, Saint Jean Wheel Høyanger, av garde testfelgane til såkalla Tüv-godkjenning i Tyskland, skriv avisa Ytre Sogn.

Fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen jobba sjølv i mange år på Fundo. No ser han lyst på framtida.

– Det er veldig kjekt. Utfordringane står i kø, men det er kjekt å vere i sving igjen, seier Thorbjørnsen til NRK.no.

Hjula går på fleire testbilar

Då felgfabrikken Fundo måtte stengje dørene i 2009 mista 300 personar jobben. No er prøveproduksjonen av hybridfelgen i gang og allereie er ti personar i sving.

Dei første eksemplara av hybridfelgen har allereie blitt testa ved Tüv, som er det mest anerkjende, uavhengige testinstituttet i Tyskland.

– Hybridfelgane klarer krava med veldig god margin. Så dette ser verkeleg lovande ut, seier Thorbjørnsen til Ytre Sogn.

Ståle Thorbjørnsen

NØGD: Fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen er veldig glad for at ting går som det skal ved den nye felgfabrikken i Høyanger.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han er svært glad at dei rakk fristane og no går dei første hjula på testbilar.

– Vi har ein testbil i Afrika, ein i Tyskland og så skal vi ha ein vintertest i Finland, fortel fabrikksjefen til NRK.no.

Håpar på full produksjon etter nyttår

Den todelte hybridfelgen vert produsert på ein heilt ny måte, og difor må felgane gjennom tøffe testar før dei vert godkjende, skriv avisa.

Dersom godkjenninga av felgen går som planlagd vil ein kunne starte opp normal produksjon ved felgfabrikken tidleg neste år.

– Vi legg opp til produksjonsstart i veke 4 i 2012, dersom vi får klarsignal på den nye teknologien, seier Thorbjørnsen til NRK.

På sikt kan det vere snakk om 150 arbeidsplassar i Høyanger.