Hopp til innhold

Har levd med lukthelvete i fleire år – no håper dei på løysing

FØRDE (NRK): Sunnfjord Miljøverk meiner å ha funne ei løysing for å handtere 75.000 kubikkmeter med avfall. Kloakkslammet har vore ei stor belastning for naboane til avfallsstasjonen.

Magnar Indrebø og Bente Eriksen

UUTHALDELEG: Magnar Indrebø og Bente Eriksen er naboar til Sunnfjord Miljøverk. Dei beskriv lukta derifrå som uuthaldeleg.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi håper at dei no har kome fram til ei løysing. Vi kan ikkje leve med den lukta, seier Bente Eriksen. Saman med mannen, Magnar Indrebø, var ho på møte hjå Sunnfjord Miljøverk måndag.

Leiinga ved miljøverket hadde invitert til møte for å informere om kor langt dei har kome i arbeidet med luktproblema.

I ei årrekkje har store haugar med kloakkslam ført til dårleg lukt for naboane til miljøverket i Hesjedalen i Førde. I sommar vart luktproblema endå verre på grunn av ein ny metode å kompostere avfallet på, såkalla rankekompostering.

Eit problem fleire stadar i landet

– Eg hadde håpa at vi hadde kome lengre i arbeidet. Men her er det myndigheitene som set rammene for kva vi kan gjere. Eg har merka meg at dei og treng meir kompetanse rundt desse problema, seier Oddmund Klakegg, styreleiar i Sunnfjord Miljøverk.

Miljøverket ønskjer å nytte seg av bioceller for å bryte ned avfallet. Dette er ein metode som har blitt nytta av andre avfallsstasjonar. Mellom anna av Lindum som driv Kviteseid komposteringsanlegg, som Sunnfjord Miljøverk no skal samarbeide med.

Oddmund Klakegg

BESØKT ANDRE ANLEGG: Oddmund Klakegg har leita etter løysingar hjå andre avfallsstasjonar med same problem som Sunnfjord Miljøverk.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Det er mange faktorar som speler inn for at denne løysinga skal fungere, og om ein blir kvitt luktproblemet heilt er usikkert.

– Det er mange renovasjonsselskap som har same utfordringar som oss og det ikkje så veldig mange i landet som har erfaringar med dei ulike løysingane, seier Klakegg.

Miljøverket har sett av 20 millionar til å ta hand om kloakkslammet ved hjelp av bioceller.

– Målet er å få ei god, miljøvenleg og riktig ordning, som er så kostnadseffektiv som mogleg og som sparar innbyggarane i Sunnfjord for unødvendige utgifter, seier Klakegg.

Metoden med rankekompostering har miljøverket no innstilt. Klakegg seier kloakkslammet vert frakta til Sløvåg, og handtert der inntil dei får på plass ein metode som fungerer både for miljøet og nabolaget.

Skal få betre oppfølging

Miljøverket har sett ned ei arbeidsgruppe som skal halde naboane oppdatert på kva som skjer. Bente Eriksen og Magnar Indrebø er glade for at dei tek initiativ til dette.

– Dei har lova å følgje oss opp med hyppigare møter og meir informasjon undervegs, seier Magnar Indrebø.

Han er likevel usikker på om tiltaka som vart presentert på møtet, vil løyse problemet.

– Som dei seier så kan det fungere på ein plass og andre plassar ikkje. Men vi må jo berre håpe at dette er løysinga.

Møte hjå Sunnfjord Miljøverk

NABOMØTE: Mange hadde møtt på Sunnfjord Miljøverk for å få informasjon korleis dei vil handtere kloakkslammet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK