Hopp til innhold

Har leita etter hund i fire dagar

Både folk og hundar har i fleire dagar leita etter blandingshunden Vida i fjella over Lavik. Så langt har det vore utan hell.

Hunden Vida

VEKKE: Hunden Vida har vore vekke sidan onsdag føremiddag, og no fryktar eigaren at tida er i ferd med å renne ut for den tre år gamle tispa.

Foto: privat

Den tre år gamle tispa forsvann på tur på veg opp på Kvamsstøylen på føremiddagen på onsdag, og ingen har sett ho sidan. Matmor Christine Af Geijerstam fryktar tida no er i ferd med å gå ifrå dei.

– Det er fjellhyller og skrentar i området som det er vanskeleg å undersøke utan hjelp frå lufta, seier ho oppgitt til NRK.no.

Det har vore opp mot ti personar, og nesten like mange hundar med i leiteaksjonen som har halde på i fleire dagar no. Af Geijerstam trur ikkje hunden har stukke av for å stikke av, og fryktar den kan sitje fast ein plass utan å komme seg ned.

– Eg ber innstendig om hjelp frå folk som er i fjellet eller som vil vere med å leite, seier ho.

Ho har også bede folk i området rundt Lavik om å sjekke rundt hus, uthus og hytter i tilfelle hunden har vorte redd og gøymt seg.

Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane seier dei i løpet av året får eit par slike meldingar om hundar som har forsvunne i fjellet. Dei har lagt ut melding om leiteaksjonen på sine heimesider og på Facebook-sida og oppmodar folk som kan om å vere med å leite.

Dersom du har sett Vida eller vil vere med å leite kan du ta kontakt med Christine Af Geijerstam på telefon 97014146.