Hopp til innhold

Her har dei landa 500 laksar på fem veker

Laksefisket i Lærdalselvi denne sommaren har vore særs godt. På vel fem veker der det fiska 500 laksar.

Fiske laks i Lærdalselva

NAPPAR I VEG: 500 laksar på fem veker vitnar om at det er godt med liv i Lærdalselva.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi er veldig nøgde. Det er langt meir laks i Lærdalselva i år, enn kva vi venta. I desse dagar rundar vi 500 laksar som er tekne på land, og to tredjedelar av dei er sleppte ut at, seier Lasse Sælthun, som er leiar i Lærdal elveeigarlag.

Lærdalselva har vore meir eller mindre stengd i over 17 år før det i år vart opna for laksefiske att. Den dødelege lakseparasitten Gyrodaktylus salaris vart oppdaga i 1996, og kampen mot parasitten har kosta 45 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trygve Gullaksen

SLEPPT UT ATT: Trygve Gullaksen frå Florø fekk denne sværingen på kroken då han fiska i Lærdalselva. Laksen på 107 cm og 12,7 kg vart sleppt ut att i elva, noko 70 prosent av fangsten vert.

Foto: Privat

Var skeptisk før fiskestart

Difor var mange spente før årets sesong. Dei gode fangstane er difor både overraskande og gledelege.

– Eg var litt skeptisk. Det har ikkje vore noko særleg arbeid med ungfisk siste åra, så eg hadde personleg ikkje dei store forventningane. Så det er betre enn kva eg hadde tort å håpe så langt, seier Sælthun.

Lasse Sælthun

MYKJE FISK: Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag er letta over at fisket har vore så godt så langt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I andre delar av landet har laksefisket vore heller dårleg. At det likevel vert teke mykje laks i Lærdalselva, er ikkje godt å forklare.

(Artikkelen held fram under videoen)

For første gong på 17 år blir den vidgjetne Lærdalselvi i Sogn opna opp for laksefiske. Kampen mot den dødlege lakseparasitten har kosta 45 millionar kroner.

Endeleg opnar Lærdalselva for fiske

Skal sjekke for parasittar seinare i sommar

– Går ein tilbake til 2005 og 2006, så vart det sett ut ein del øyerogn i elva, og det kan jo vere ei forklaring. Noko anna forklaring har ikkje eg. Det som er spesielt med laksen er at han slår til på dei mest utrulege tidspunkta, seier Sælthun.

Veterinærinstituttet skal seinare i sommar ta prøver for å finne ut om Lærdalselvi er fri for den dødelege lakseparasitten.