NRK Meny
Normal

Har lagt skademarerittet bak seg

LA MANGA (NRK): Stortalentet Kristoffer Ryland føler han no har lagt skademarerittet bak seg. Denne veka scora han for Sogndal.

Kristoffer Ryland

TILBAKE PÅ BANEN: Kristoffer Hovland kan endeleg spele med Sogndal igjen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Det er kjekt å vere attende igjen, og det er kjekt at dei andre tykkjer det er gøy også. Så det tar eg med meg, seier Ryland.

21-åringen har lagt bak seg ein lang periode med skadar. Først ein skade i korsbandet, og då han var bra frå den måtte han operere ei sene i ankelen. Han vedgår at overgangen frå å vere ein av mange på treningsfeltet, til å vere åleine med fysioterapeuten i gymmen var tung.

– Det er både gode og tunge dagar, sjølvsagt. Men det er svært godt å vere attende på på bana.

Tøft mentalt

– Det tøffaste er kanskje det mentale. Då er du nøydd til å skape deg nokre bilete. Prøve å sjå for deg at du er tilbake. Sjå attende på gode ting du har gjort tidlegare og tenke at eg skal tilbake der eg var, og bli endå betre, seier Ryland.

Åleine på spinningsykkelen fann Ryland motivasjon i å sjå seg sjølv kome inn på bana og score mål. Difor var torsdagens mål mot Sandefjord ekstra kjekt.

– Det var litt sånn, no er eg tilbake igjen! Det var ekstremt godt, for det har vore lange månadar ute.

God støtte

For klubben har det vore viktig å støtte opp om den unge spelaren den lange perioden han har vore ute med skadar.

Håvard Flo

VIKTIG MED STØTTE: Håvard Flo er sportsleg leiar i Songdal.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Det er å følge han opp kvar einaste dag. Pushe han i forhold til å fullt fokus. Eg trur og det er enklare for spelarane også å kome attende etter ein slik restitusjonsperiode, når det blir stilt krav frå dei som er rundt. Men Kristoffer har jobba målretta, det har han, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Sjølv er Ryland svært nøgd med støtta frå klubben

– Dei har lagt veldig godt til rette for meg, og klubben har vore veldig støttande. Då eg fekk den andre alvorlege skaden, trong eg litt tid for meg sjølv. Reise heim og slappe av. Berre få lov til å vere forbanna og sur nokre dagar. Dei har gjort så godt dei kan, og det har vore veldig bra. Det er eg godt nøgd med.

Vil tilbake

Framleis har han eit stykke igjen før han er tilbake for fullt, og må innimellom minne seg sjølv på å vere tolmodig. Men målet er å kunne bidra for laget denne sesongen.

– Først og fremst no så skal eg kome attende på det nivået eg var tidlegare, og forhåpentlegvis og ta nye steg. Då håpar eg å kunne bidra på kanten, og skape målpoeng. Det håpar eg absolutt, seier Ryland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.