Hopp til innhold

«Eg er berre glad for å få ha ein slik jobb, der løparane gjer det så godt»

HOLMENKOLLEN (NRK.no): Saman med dei norske sprintarane krona Roar Hjelmeset sesongen med gull og sølv i OL. Han avviser ikkje at han ein gong kan ta på seg jobben som landslagssjef.

Roar Hjelmeset sekunderer Martin Johnsrud Sundby

PÅ JOBB: Slik ser det ut når Roar Hjelmeset piskar Martin Johnsrud Sundby framover i kamp med Aleksandr Legkov i femmila i Holmenkollen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har vore veldig heldig. Det er mange damer på laget som går fort på ski, og det har dei gjort i nokre år. Og så har det vore eit påfyll av nokre yngre løparar, som eg har følgt ei stund. Dei er ivrige, og eg er berre glad for å få ha ein slik jobb, der løparane gjer det så godt, seier Roar Hjelmeset.

Han har ansvaret for dei yngste sprintarane på det norske landslaget i langrenn, og opplevde i vinter at to av løparane hans tok gull og sølv i OL.

Både gullvinnar Maiken Caspersen Falla og sølvvinnar Ingvild Flugstad Østberg har vore Hjelmeset sine elevar dei siste fem åra.

Stort meir er det ikkje mogleg å drøyme om som trenar.

– Eg vel å seie at det er løparane som må gjere jobben. Så kan vi trenarane rettleie dei. Og det har jo gått bra, konkluderer Hjelmeset.

– Moro å sjå at dei presterte så bra

Han har med seg NRK.no på ein litt annleis dag på jobben. Det er femmil for herrar i Holmenkollen, og dametrenaren står ute i løypa med reservestavar i tilfelle nokon skulle vere uheldig.

Når Martin Johnsrud Sundby og co. passerer, heiar han dei fram og sekunderer løparane. Så går tankane tilbake til OL i Sotsji, som var eit førebels høgdepunkt i karrieren for glopparen.

– Det var sjølvsagt stort med både gull, sølv og fjerdeplass på sprinten. Eg har hatt med Maiken og Ingvild å gjere sidan 2009, då dei kom opp på landslaget. Det var moro å sjå at nettopp dei presterte så bra den dagen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sprinttrenar Roar Hjelmeset var på stavpost og sekunderte herreløparane på femmila i Holmenkollen.

FULL FART: Roar Hjelmeset og dei andre i støtteapparatet stiller opp og sekunderer løparar når det er renn. Her er nordfjordingen i sving under femmila i Holmenkollen.

Avviser ikkje jobb som landslagssjef

No er ein lang sesong snart over. Berre verdscupfinalane i Falun står igjen. Hjelmeset har framleis kontrakt som landslagstrenar i eitt år til.

Tidlegare har han vore både rekrutt- og juniorlandslagstrenar.

– Er jobben som landslagssjef noko du kunne tenkje deg?

– Først må eg sjå om eg får eit slikt tilbod. Det er ingen automatikk i at ein skal klatre på ein rangstige. No ser eg først eitt år fram i tid, så får vi sjå kva som blir løysinga etter det, seier 36-åringen.

Han legg til:

– Det er dessutan ein del utfordringar i det å skulle vere sjef eller hovudtrenar. Det norske folk er kravstort, og det skal ikkje så mykje til før ein blir halshogd.

– Har du eventuelt ryggrad til å tole noko slikt?

– Ja, det trur eg nok at eg skulle ha fiksa. Sjølv om eg har vraka folk frå løp, så har det ikkje blitt avisoverskrifter. Men det er jo noko ein må tenkje over om ein slik jobb skulle bli aktuelt, seier Hjelmeset.

Roar Hjelmeset i Holmenkollen

GRUNN TIL Å SMILE: Roar Hjelmeset og løparane hans fekk med seg både gullet og sølvet frå OL-sprinten i Sotsji. Hjelmeset har éin sesong igjen av kontrakten med skiforbundet.

Foto: Rune Fossum / NRK