Hopp til innhold

Har lågast tal statlege arbeidsplassar i landet

Sogn og Fjordane er fylket med nest minst veks i statlege arbeidsplassar. Kommunalministeren meiner det er nok.

Jan Tore Sanner og Liv Signe Navarsete

USAMDE OM TAL: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) og tidlegare kommunalminister Liv Signe Navarsete (SP) er ikkje einige om kor mange statlege arbeidsplassar fylket har fått.

Foto: Montasje

– Sjølv om Sogn og Fjordane har fått Difi på Leikanger og Lotteritilsynet i Førde, så har Sogn og Fjordane ein veldig liten del statlege arbeidsplassar, seier Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet.

Den tidlegare kommunalministeren støttar seg på tal Fylkesmannen har henta inn. Dei slår fast at fylket kjem dårleg ut når det gjeld statlege arbeidsplassar. Sogn og Fjordane har nesten 2200 statstilsette. Det er halvanna prosent av det totale talet i landet. Oslo har nesten 30 prosent.

Ulike utrekningar

Og sjølv om det har blitt 26.000 fleire statstilsette i landet det siste tiåret, er det berre halvanna prosent av dei som har kome til fylket. Oslo fekk 30 prosent av veksten.

Men då Navarsete stilte spørsmål om temaet til kommunalminister Jan Tore Sanner var svaret noko heilt anna.

«Tall (frå Statens sentrale tenestemannsregister (SST)) syner at fylket har hatt ein vekst i statlege arbeidsplassar på same nivå som gjennomsnittet i landet dei siste 10 åra. Det siste året har fylket til og med hatt den største prosentvise auken av alle fylka i landet.»

– Eg synest svaret han har gitt er kritikkverdig, seier Navarsete.

Forklaring frå departementet

Statssekretær Jardar Jensen

STATSSEKRETÆR: Jardar Jensen er statssekretær i kommunaldepartementet

Foto: Sander Andersen / NRK

Korleis kan den same statistikken slå så ulikt ut. Statssekretær Jardar Jensen i Høgre, svarer på vegner av sjefen sin i kommunaldepartementet.

– I svaret som statsråden har gitt Navarsete har ein berekna den relative prosentvise veksten i kvart fylke og samanlikna resultata på det. Og då får vi ein prosentvis vekst på 19 prosent, medan det nasjonale gjennomsnittet er 21 prosent.

Navarsete meiner det er kritikkverdig at de brukar desse tala og seier at de målar eit glansbilete av statlege arbeidsplassar i distriktet – kva seier du til det?

– Nei eg synest det blir litt spesielt, seier Jensen.