Hopp til innhold

Har laga sin eigen pensjonist-arbeidsplass

NORDFJORDEID (NRK): Heime i kjellaren har tidlegare lektor Asbjørn Bjørlo starta sin eigen topp moderne rammeverkstad.

Rammemakar Asbjørn Bjørlo

PENSJONIST-HOBBY: Den tidlegare lektoren Asbjørn Bjørlo har starta sin eigen rammeverkstad i kjellaren sin.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Velkomen til verkstaden min. Dette er noko eg har tenkt på å få til i fleire år, fortel Bjørlo.

I kjellaren hans er det maskiner og utstyr overalt. Det er hyllestablar med rammer i tre meters lengde og utstilte vinklar med alle slags fargar. Bjørlo produserer rammeverk til kundar.

Draumen om ein rammeverkstad

Han viser fram ei list som passar godt til prosjektet han jobbar med. Bjørlo stiller inn treverket på ei gjærsag og justerer akkurat slik at den passar, før han startar maskina som lagar litt bråk.

– Dette er presisjon, no blir det ein nøyaktig 45 graders vinkel, seier den tidlegare lektoren medan han stiftar saman ramma manuelt.

Bjørlo har tenkt på rammeverkstaden i fleire år og har allereie byrja å få nokre kundar i den vesle verkstaden sin.

– Eg vil ikkje stå i kjellaren heile dagen, men viss det er naudsynt så står eg her på kveldstid eller tidleg om morgonen, fortel han.

Handlar ikkje om å tene seg rik

Rammemakar Bjørlo

NØYAKTIG: Presisjon er viktig når ein skal lage rammer til kundane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Etter at ramma er på plass flyttar han seg over til ei datamaskin og noko som liknar på eit teiknebord, som han kallar Rolls-Roycen sin. No skal han lage paspatur til prosjektet – ei markering rundt biletet i papp.

– Det gjev ein vanvettig god kvalitet, presisjonen er mykje betre enn om ein skulle gjere det for hand. Den er datastyrt, så eg har ikkje lært meg alt heilt enno. Det er ganske avansert, seier Bjørlo.

Maskina kosta 70 000 kroner då Bjørlo kjøpte den brukt.

– Dette gjer eg ikkje for at eg skal tene meg rik, men for at eg skal ha ein interessant kvardag. Eg er jo nystarta, så det går vel ei stund før eg tenar nokre kroner, seier rammemakaren.