Hopp til innhold

Har laga eigen skiløype for hestekøyrarar

DIGRENESVATNET (NRK): I skiløypene i Sundsdalen i Førde klaga skigåarane på djupe hestespor i løypene. Løysinga på konflikten vart at dei laga eigne skiløyper for hestekøyrarar.

Hesteskikøyring på Digrenesvatnet

I FULL FART: Ein kan få ganske bra fart når ein står på ski bak ein hest.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi tykte det var for gale å jage vekk desse flotte hestane og hestefolket, vi tok heller utfordringa og laga eigne løyper til dei, seier Atle Jonny Dale i Sunde grendelag.

På Digrenesvatnet i Førde har grendelaget køyrt opp skispor for både skøytekøyring og klassisk skigåing. Det gjekk likevel hardt utover begge deler når hestefolket i dalen byrja å bruke løypene.

– Vi var litt uheldige med å øydeleggje litt nokre gonger, men vi har bedt om orsaking, og no er alt bra, seier hesteeigar Yasmin Vikøren.

Og bygdefolket har ikkje berre tilgjeve hesteeigarane, dei har brukt dugnadsinnsats på å byggje opp to løyper som er reservert for hestekøyrarar. Side om side med dei tradisjonelle skiløypene.

– Det ligg ein utruleg bra dugnadsinnsats bak dette arbeidet, og ein venleg innstilling hos grendelaget, seier Vikøren.

Yasmin Vikøren på hest

GLAD I HEST:

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang

40 centimeter med is på heile vatnet

Hesteløypene dekkjer meir enn fem kilometer, og ifølgje lokalkjende skal det vere rundt 40 centimeter med trygg is over heile vatnet.

– Det er ikkje kvart år vi har moglegheit til å køyre med hest ute på vatnet, men no har det faktisk vore trygg is sidan før jul, seier Vikøren.

Ho har sendt ut meldingar på Facebook til ulike hestemiljø i området, for å fortelje om dei nye løypene. Ho har aldri tidlegare høyrt at nokon har gjort noko liknande nokon stad i landet, og håpar folk strøymer til.

Atle Jonny Dale

HAR STILT OPP: Atle Jonny Dale og Sunde grendelag har laga hestekøyreløype i Sundsdalen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Aller mest så rir vi, også står vi litt på ski og køyrer ein del med slede. Også har vi herja litt rundt på vatnet.

Og grendelaget ønskjer den auka aktiviteten på vatnet velkomen.

– Eg føler det er litt av den gode grendelagsmentaliteten, at vi ønskjer slike idear velkomne, og tek i eit tak for å hjelpe det på veg, seier Dale.