– Det er intensivt, lange dagar og så vert det mykje køyring, seier Per Rune Vereide, fylkessekretær i Senterpartiet.
For medan politikarane gjer alt dei kan for å vera så synlege som mogeleg i valkampen, jobbar fylkessekretærane i bakgrunnen. Planlegging av reiseruter, timeplanar, oppsetting av stand og produksjon av valkampsbrosjyrar er blant arbeidsoppgåvene.
Dei tre største partia i fylket har fylkessekretærar som er fast tilsette. For i tillegg til Vereide har Monica Oppedal og Ingvar Torsvik Myrvollen den same rolla i Arbeidarpartiet og Høgre.
- Les også:
7821 kilometer
Sogn og Fjordane har 26 kommunar, lange avstandar og fleire fjordar som må kryssast med ferje. Det betyr mange mil bak rattet.
– Sidan 15. juli har eg køyrt 7821 kilometer i valkamp-samanheng. Dei fleste av dei med campingvogna på slep, seier Vereide.
7821 kilometer. Det høyrest mykje ut. Men kor langt er det eigentleg? Jo, det kan du sjå på kartet under. Det svarar til ein køyretur frå Lindesnes fyr, heilt nord til Nordkapp og ned igjen til Marbella på sørkysten av Spania.
- Saka held fram under kartet.
Dei to andre har ikkje like detaljert oversyn over talet på kilometer på vegen, men:
– Utan å overdriva så har det blitt minst tre til fire timar i bil kvar dag gjennom valkampen, seier Oppedal i Arbeidarpartiet.
– Eg har ikkje talet på kilometer, men i innspurten har eg sove fleire netter vekke enn heime, seier Torsvik Myrvollen i Høgre og legg til at han har fått hjelp av Martin Savland i innspurten.
- Les også:
– Ikkje arbeidsmiljølova på sitt beste
Gjennom valkampen har det vore debattar, dørbank for å snakke med veljarar og besøk frå partitoppar frå Oslo. Det har gitt lange dagar.
– Vi har halde på til klokka 22.00 fleire kveldar. Av og til har vi halde på til over midnatt. Det har ikkje akkurat vore arbeidsmiljølova på sitt beste, seier Torsvik Myrvollen med eit smil.
Måndag markerte slutten på ein lang og intens valkamp.
– No er det tilbake til kvardagen, men eg likar jo valkamp. Det er ingen som er lik, seier Oppedal i Arbeidarpartiet.
– Dei første dagane etter valet føler ein seg litt tom, men så går det nokre dagar, og så er det full rulle igjen. Det er jo berre to år til neste val, seier Vereide med eit smil.