Hopp til innhold

Har kontroll på olje-utsleppet - jobbar med å finne lekkasjen

Brannvesenet har fått på plass lenser i hamnebassenget i Måløy, og har kontroll på fyringsoljen som har leke ut.

Created by InfoDispatcher

HAR KONTROLL: Brannsjef Kim Hjelle meiner dei har god kontroll på utsleppet i Vågsøy. Foto/redigering: Bjarne Eldevik.

– Vi har kontrollen her nede på Bring-terminalen i Måløy. Vi har lagt ut ei hamne-lense og ei absorberande lense, så vi held fyringsoljen i sjakk i hamnebassenget, seier brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle.

Slo alarm tysdag morgon

Allereie måndag kveld rundt klokka 19.30 varsla ein innringar Alarmsentralen om at det lak olje. Alarmsentralen varsla då vakthavande i Måløy, som vurderte at det ikkje var behov for tiltak i går.

– Han kunne ikkje sjå kvar det kom frå. Han vurderte at det var blueshine, det vil seie litt søl, men ikkje ein lekkasje der det var behov for lenser. Slike små episodar skjer frå tid til anna, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Men i 09-tida tysdag at slo vakthavande i Måløy alarm om at det var film på hamnebassenget i Måløy.

– Vi har brukt litt tid på å finne ut kor det kom ifrå. Når vi skal ut med lenser så går det litt tid før vi får alt på plass. Vi har brukt både redningsskøyte, båt og 15 brannmenn som sette ut lenser, seier brannsjef Kim Hjelle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannsjef og lensmann i Vågsøy

KONTROLL: Brannsjef Kim Hjelle (t.v.) meiner dei har kontroll på utsleppet. T.h. lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, prøver å danne seg eit bilete av kva som har skjedd.

Foto: Bjarne Eldevik

Truleg ein dieseltank som er lekk

Han meiner det ikkje lenger er mogleg for dieselen å spreie seg i hamneområdet.

– No har vi låst det så bra av, så no trur eg absorbenten tek seg av resten. Sjølvsagt kan det vere litt film som stikk av, men slik er det. Det er litt bølgjer inn mot hamna, og lensene toler ikkje så mykje sjø. Men per no ser det veldig bra ut, seier Hjelle.

Han stadfestar at utsleppet kjem frå Måløy ungdomsskule.

– Det er mest truleg dieseltanken der som har sprunge lekk. Eg veit ikkje kva som har skjedd, men det har mest truleg gått eit hol i tanken, seier Hjelle.

Det vert jobba med gravemaskiner på staden for å grave seg ned til tanken slik at ein kan finne ut kva som har skjedd.

– Utsleppet kjem ut om lag midt under Bring-terminalen, der Gottebergselva kjem ut, seier Hjelle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vågsøy ungdomsskule

FRÅ SKULEN; Utsleppet har truleg komme frå Vågsøy ungdomsskule.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Ser truleg verre ut enn det er

Han peikar på olje- og dieselutslepp ikkje treng å vere så store, før dei synest veldig godt på sjøen.

– Det skal berre ein liten drope til, så spreier det seg veldig fort. Det er ikkje så gale som det ser ut til, seier Hjelle.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, har vore på staden.

– Eg er her for å danne meg eit overblikk over kva som har skjedd. Vi vil vurdere om saka skal etterforskast i ettertid, seier Hvattum.

– Men det er ulovleg å sleppe ut olje eller diesel?

– Vi må først vurdere kva som har skjedd her, seier Hvattum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsskøyta deltek i arbeidet med å få kontorll på diselsølet i hamna i Måløy.

AVGRENSE: Det blir jobba for fullt med å hindre dieselsølet i å spreie seg.

Foto: Bjarne Eldevik

Truleg nokre kubikkmeter

Ifølgje Alarmsentralen skal det vere snakk om nokre kubikkmeter med diesel som har kome ned i hamnebassenget. No blir det jobba med å få fullstendig oversikt over om utsleppet er stogga eller om det framleis siv ned elva.

– Nordfjord hamn er involvert, og det blir lagt ut lenseutstyr for å avgrense utsleppet, og eventuelt samle opp det som er mogleg, seier ordførar i Vågsøy, Morten Hagen.

– Kva veit ein om konsekvensane av utsleppet?

– Det er vanskeleg å seie noko om før vi veit årsaka. Eg veit det var påfyll av diesel på ungdomsskulen måndag, men vi veit ikkje sikkert årsaka til utsleppet og om det stammar der ifrå. Så vi må kome tilbake til årsaker og konsekvensar, seier Hagen.

Dieselutslepp i Måløy
Foto: Bjarne Eldevik