NRK Meny
Normal

Har kontroll på nervane før debuten

Førre helg spelte Stefan Hagerup (21) 2. divisjonsfotball. I dag debuterer keeperen for Sogndal Fotball i 1. divisjon.

Stefan Hagerup

DEBUTERER: Stefan Hagerup har heile karrieren spelt for Fyllingsdalen. I dag debuterer han for Sogndal mot eit anna bergenslag, serieleiar Åsane.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det er sjølvsagt eit steg opp frå 2. divisjon. Men det blir det same. Bana har to mål og ein ball, og den skal i mål. Det er ikkje verre enn det, seier debutanten vel ein time før avspark.

– Eg kjenner ikkje noko til nervane no, men det kan vere at dei kjem, legg han til.

Toppoppgjer

Det var kanskje få som venta at Sogndal – Åsane skulle vere eitt av toppoppgjera gjennom sesongen. Men det er det altså blitt.

Laster innhold, vennligst vent..

Åsane leiar, med Sogndal eitt poeng bak. Det er jamt i toppen og det sigrande laget på Fosshaugane kan vere den neste serieleiaren. For Hagerup blir det ein noko spesiell debut, mot eit bergenslag.

– Det blir spennande. Eg kjenner dei godt frå 2. divisjon. Det er eit bergenslag med mange gode spelarar. Dei er ubesigra, men vi får sjå om vi ikkje får gjort noko med det i dag, seier keeperen.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Stefan Hagerup før kampen. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

– Måtte gripe sjansen

21-åringen har spelt heile si karriere i Fyllingsdalen, men vart henta til Sogndal då Christian Sukke vart diagnostisert med kyssesjuka. Ute er allereie klubbens keeper frå Hordaland, Mathias Dyngeland.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Joachim Soltvedt har så langt gjort fire mål for serieleiar Åsane. Han startar dagens oppgjer på benken.– Det er hard kamp om plassane på laget, seier han før toppoppgjeret mot Sogndal. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Førre helg vakta Hagerup buret då Fyllingsdalen tok sesongens første trepoengar borte mot Donn. Onsdag var han med å slå eliteserielaget Haugesund ut av cupen. Fredag skifta han klubb.

– Det har gått ganske fort. To dagar så var det gjort. Berre kjekt. Når moglegheita er der, så er det berre å gripe den. Det er truleg den einaste sjansen som er der, og då er det berre å køyre på, seier den 189 cm høge sisteskansen.

Åsane går for siger

For Åsane har resultata butta noko i mot etter tre strake sigrar i byrjinga av sesongen. Etter tre uavgjort på rad, trur ikkje tidlegare Brann-spelar at det er duka for ei rekkje med tre tap.

Spelaren som så langt i år har fire mål for serieleiaren, må sjølv starte kampen på benken.

– No satsar vi på å få ein siger att. vore jamt og hatt store sjansar til å avgjere dei. Vi satsar på å få med poeng herifrå, seier han skråsikkert.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.