Har kontroll etter røykutvikling

Brannmannskapa har no kontroll etter den kraftige røykutviklinga som oppstod i eit bustadhus i Vik i Sogn i ettermiddag. – Mannskapa er i ferd med å avslutte arbeidet. Dei returnerer, men det vil bli vakthald på staden utover kvelden, seier vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen.