Hopp til innhold

Har kokt for kongen og dronninga - no vil han bake for deg

NORDFJORDEID (NRK): Han har laga mat til kongen og dronninga, både på slottet og kongeskipet Norge, og jobba restaurantar med stjerner i Michelinguiden. No skal han drive bakeri på Eid.

Leon Knapskog satsar på minibakeri

HAR TRUA: - - Eg trur det er plass til eit lite kvalitets- og handverksbakeri. Eg trur folk er lei av industrielle kjøpebrøda som alle smakar likt, seier Knapskog.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Leon Knapskog frå Eid har gjort meir i si kokkekarriere enn mange kan tore å drøyme om.

Han har mellom anna røynsle frå Restaurant Lucullus og Jacobs Bar & Kjøkken i Bergen. I tillegg har han jobba på Bouchon og The French Laundry i California i USA, begge med Michelin-stjerner. Han har også vore kjøkkensjef på den norske ambassaden i Paris.

Men no satsar han tungt på eit minibakeri i Eidsgata på Nordfjordeid. Og det til trass for at han ikkje ein gong er bakar.

Mykje nytt, men fiskelefsa blir verande

Kokken er i dag kjøkkensjef ved Balsnes gard. At han no får ein fot innanfor bakeriet var meir tilfeldig.

– Det har vore bakeri her sidan 1860, så det er utruleg trist viss det skulle vere slutt no. Det er moro å kunne vere med å drive det vidare, seier Knapskog.

Han peikar på at skilnadane mellom kokk og bakar er små.

– Det handlar om å lage eit godt produkt til kundane. Eg kjem ikkje til å vere her sjølv, eller slutte på garden på Balsnes gard. Men det er mine tankar og syn på ting som skal liggje i botn, seier Knapskog.

Men einskilde ting skal få vere slik som dei er i dag.

– Mange har spurt om vi kjem til å halde fram med fiskelefser, og det skal vi. Men eg kjem til å satse mykje på heimelaga brød, seier Knapskog.

Gir seg etter 40 år

GIR SEG: F.v. Leon Knapskog tek over styringa på minibakeriet etter Ståle Moheim, som har vore bakar i 40 år.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Held fram i gamle-jobben

Påverknad frå det kontinentale kjøkken kjem det også til å bli meir av.

– Det blir mykje fransk og mykje surdeig. Vi skal vere kreative og ha det kjekt, kose oss på jobb, seier Knapskog.

Men han kjem ikkje til å slutte som kjøkkensjef ved Balsnes gard.

– Eg har full stilling der, så bakeriet vert noko som kjem i tillegg, seier Knapskog.

Ståle Moheim, som har styrt bakeriet til no, har vore bakar i 40 år. Han legg ikkje skjul på at det er eit krevjande yrke.

– Eg byrjar å kjenne det på kroppen, seier Moheim, som tykkjer det er kjekt at nye tek over.