NRK Meny
Normal

Har kofferten full av edelt metall etter Veteran-EM

Kjell Steinset (80) klokka inn til både gull, sølv og bronse på distansane han sprang i EM for veteranar i friidrett.

Kjell Steinset

ARKIV: Kjell Steinset kom heim med eitt gull, eitt sølv, ein bronse og to nye rekordar frå EM for veteranar i Århus. Bildet er frå NM før i sommar, der han tok fire gull.

Foto: Dyveke Buanes / NRK

Århus i Danmark har dei hatt ein unormalt høg tettleik av spreke eldre den siste veka.

Blant dei er Kjell Steinset frå Jølster.

Han stilte i tre distansar i friidretts-EM for veteranar, og seier seg godt nøgd med resultatet:

Bronse på 1500 meter, samt ny norsk rekord. Gull på 400 meter. Sølv på 800 meter, og ny nordisk rekord.

– Eg reknar 800 meter som min sterkaste distanse. Men eg var klar over at eg hadde størst sjanse på 400 meter, på grunn av den veldig sterke konkurrenten på 800 og 1500, seier Steinset.

Det byrjar å bli fullt i medaljeskapet til Steinset. I juni tok han heim fire gullmedaljar frå NM for veteranar.

Ein spanjol var hakket kvassare

Ein liten og kvikk spanjol var den konkurrenten Steinset frykta mest på førehand.

– Eg slo han for fem år sidan på 800 meter. Eg prøvde så godt eg kunne i går, men han vart for sterk, seier den spreke 80-åringen.

Alonso Domingo Manuel sette ny europeisk rekord i klassa 80–85 år. Men Kjell Steinset var ikkje mykje dårlegare, og nordisk rekord er noko han seier seg nøgd med.

– Meisterskapen toppa seg eigentleg i går sidan eg fekk rekorden. Og eg sprang på ei tid som er maks av det eg kan klare.

Den nye nordiske rekorden er no på respektable 2:59.45, knappe fire sekund bak spanjolen som tok gull.

Kjell Steinset på 1.500 meter

SPREK: Kjell Steinset trenar fire gonger i veka, så langt det rekk.

Foto: Jan Svoen

Motbakkane er neste mål

Kjell Steinset legg seg ikkje på latsida sjølv om det store målet for sesongen er nådd.

– No blir det mest sannsynleg Førde opp, og så Stoltzekleiven. Så spørst det om det blir opningsstemne på Skei stadion om dei får lagt det nye dekket, seier han.

Og i det fjerne glimtar eit enda gjævare mål: VM for veteranar i 2018.

– Eg har enno ikkje vore med på VM ordentleg. Eg skulle vere med ein gong i England, men då skada eg meg dagen før. Så me får sjå om eg klarar å motivere meg for det. Eg tek ein månad om gongen.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.