NRK Meny
Normal

Har knapt skote jerv under jakta sidan 2000

Dei siste 15 år er det avliva 67 jervar i Sogn og Fjordane, men berre sju er skotne under ordinær jervejakt på vinteren.

Hannjerv felt i Sogn

AVLIVA: Denne hannjerven er ein av til saman 54 jervar som er tekne ut gjennom såkalla ekstraordinære uttak dei siste 15 åra i Sogn og Fjordane.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Ragnhild Sæle

VANSKELEG: Ragnhild Sæle, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit, vedgår at lisensjakta på jerv er vanskeleg.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det skjer trass i at Stortinget har understreka at lisensjakt skal vere det viktigaste verkemiddelet for å regulere bestanden.

Ragnhild Sæle, leiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit, er ikkje overraska over at lisensjakta gir dårlege resultat.

– Det kan verke lite, men vi må ta omsyn til topografien. Jerven har stort sett vore lokalisert i Indre Sogn, med høge fjell og mykje snø om vinteren, då er det uframkomeleg.

Unnataket har blitt regelen

Stortinget har bestemt at Sogn og Fjordane skal vere eit beiteprioritert område. Men berre frå 2010 til 2014 er det gitt rovvilterstatning for over 2500 sauer i fylket (sjå faktaboks), mesteparten av dei er drepne av jerv.

I år melder sauebøndene derimot om minimale skader etter rovdyr, og mange har fått heim att alle dyra dei sende på fjellbeite.

Ei viktig forklaring på dei låge tapstala er at det i vår vart avliva sju jervar. Seks av desse vart tekne ut med såkalla ekstraordinære uttak, der Statens naturoppsyn brukar helikopter for å ta seg opp i fjellet og avlive dyra.

Denne måten å ta ut jerv på har blitt regelen, meir enn unnataket i Sogn og Fjordane. Dei siste 15 åra 67 jervar avliva, men berre sju er skotne under ordinær lisensjakt.

Tre er skotne etter at det er gitt skadefellingsløyve, medan heile 54 av dei er tekne ut med såkalla ekstraordinære uttak (sjå faktaboks).

Rekordstor rovdyrerstatning i Sogn og Fjordane

TV-SAK: Ivar Molde var ein av bøndene som sommaren 2014 opplevde å miste mange sauer på fjellbeite. TV-saka er frå slutten av november 2014.

Vil effektivisere lisensjakta

Rein-Arne Golf som er rovviltansvarleg for naturoppsynet i fylket skulle helst sett at lisensjakta gav betre utteljing.

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

JAKT: Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn seier han helst hadde sett at lisensjakta gav betre resultat.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Både styresmaktene og forvaltninga ønskjer at reguleringa av rovviltbestandane skal skje på ein ordinær måte med jakt.

Sau drepen av jerv i Luster

JERV: I 2014 vart det gitt erstatning for nær 1200 sauer tekne av rovdyr, mesteparten tekne av jerv.

Foto: Statens Naturoppsyn

Lisensjakta på jerv går frå 10. september til 15. februar. Miljødepartementet har i år gitt grønt lys til nye verkemiddel i håp om å effektivisere jervejakta. Kunstig lys, bruk av kamera og elektronisk overvaking og utvida løyve til bruk av snøscooter blir lovleg i ein prøveperiode.

Golf i naturoppsynet trur ikkje dette vil gje merkbare resultat.

– Noko betre vil det nok bli, men ei stor endring frå tidlegare trur eg ikkje vi vil sjå, seier han.

– Må takast ut

Bøndene på si side vel å håpe. Rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane Bondelag, Marit Flatjord, seier alt må prøvast.

Marit Flatjord

ALT MÅ PRØVAST: Meiner rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane Bondelag, Marit Flatjord.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Vi får sjå kva dei nye tiltaka vil gi av resultat. Men vi greier ikkje endre på geografien, og snøforholda er forskjellige frå år til år, så det er ei vanskeleg jakt, konstaterer ho.

Sæle er klar på at jerv i Sogn og Fjordane uansett må takast ut, anten ved lisensjakt eller ekstraordinære uttak.

– Vi må gjere det vi kan i vinterhalvåret, men har vi ikkje lukkast når beitesesongen nærmar seg, så må vi ha hjelp utanfrå for å ta ut desse dyra.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen