Hopp til innhold

Har knapt kunne snakke høgt på fem månader

Eva Weel Skram har i fleire månader slite med stemma. Faktisk har ho knapt snakka høgt på fem månadar.

Eva Weel Skram

TRØYSTELÅT: Eva Weel Skram er aktuell med ny låt.

Foto: Stine Raastad

– Det har blitt mykje plystring, peiking og skriving den siste tida, seier Weel Skram.

I over eit år har den populære artisten frå Sogndal slite med stemma. I same perioden har ho gjennomført 150 konsertar og vedgår at det har vore tøft.

– Det verste var å ikkje kunne snakke i kvardagen, og usikkerheita med å skulle gå på scena utan å vite om dette kom til å gå slik eg ville. Men det synte seg at eg har så bra songteknikk at konsertane har gått overraskande bra.

Sidan det tok meir på stemma å snakke enn å synge betydde det at ho måtte kvile stemma og ikkje prate i kvardagen.

Trøystelåt

Midt opp i det heile så var det likevel lyspunkt. I samband med at ho og ektemannen skulle i ein barnedåp fekk ho ideen til ein ny song, som ho sende til Trygve Skaug, som ho no samarbeider med tekstar om.

– Eg stod i dusjen med håret fullt av sjampo og skulle gjere meg klar til barnedåpen, då ideen til songen berre slo ned i meg. Eg sprang inn til mannen min og berre ropte fram med gitaren dette må vi spele inn, ler Weel Skram.

Mobilopptaket av melodiskissa vart send til Skaug saman med nokre idear Weel Skram hadde til kva songen skulle handle om. Då songen kom igjen var den blitt noko heilt anna.

– Den var blitt ei trøystelåt. Han sa at min ide også var god, men at han hadde hatt litt behov for trøyst så dette var ei form for sniktrøystifisering. Eg skriv dette, så kan du synge det, og så får eg trøyst, fortel Weel Skram.

For første gong på norsk

Etter eit år med stemmeproblem er ho no er ute med ny musikk. Ein song som er blitt ei slags trøystevise for både ho sjølv, og alle andre.

– Då Trygve sende tilbake «Om du vil» og den var blitt til ei trøystelåt, då trengde eg det veldig der og då. Då tenkte eg takk. Den skal ikkje handle om det eg tenkte, det er slik den skal vere. Og no etter ein lang og mørk vinter så passar det med ein song som handlar om å sleppe lyset inn, seier Weel Skram.

Plata som no kjem er også den første på norsk for Weel Skram. I tillegg samarbeider ho med andre om tekstane, som også er ei nye oppleving.

– Til no har eg hatt full kontroll på tekstane. Samstundes så er det ein utruleg lærerik prosess. Det er kjekt å samarbeide med Trygve fordi han gjer det så fint. Men er det noko eg har lyst til å endre på, så gjer eg det, seier Weel Skram.