Har kjøpt VM-spiss

Sogndal har kjøpt VM-spissen Jerome Akor Adams, skriv Sogn Avis. 19-åringen starta for Nigeria i U20-VM denne veka. Adams var på lån, men har no signert ein avtale som strekkjer seg ut 2021-sesongen. – At han startar for Nigeria i VM fortel ein del. Dette kan bli veldig bra, men han må framleis få tid på seg til å ta dei rette stega, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo.