Hopp til innhold

Har kjøpt Statoil sin aksjepost

Vestavind Kraft AS tek over Statoil sin aksjepost i Lutelandet Energipark AS.

Plan for vindmøller på Lutelandet

SKAL BYGGJE UT ÅLEINE: Vestavind Kraft AS tek over Statoil sine aksjar og skal no stå for utbygginga av Lutelandet Energipark AS åleine.

Dermed blir kraftselskapet eineeigar i prosjektet der det er planar om 12–15 vindturbinar.

– Vi har ambisjonar om å vere ein sentral vindkraftaktør på Vestlandet.

– Når Statoil no har bestemt seg for å tre ut av landbasert vindkraft var det naturleg for oss å gripe moglegheita for vekst, seier Stig Svalheim som er administrerande direktør i Vestavind Kraft AS.

– Viktig bidrag

I fjor haust gav Olje- og energidepartementet i dag klarsignal til utbygginga som kan produsere straum til nærare 6000 husstandar.

Statssekretær Ane Hansdatter Kismul i Olje- og energidepartementet sa den gong at Lutelandet vindkraftverk blir eit viktig bidrag i satsinga på fornybar energi.

– Vindkraftutbygginga i Norge skyt no fart. Vindkraftverket kan produsere straum tilsvarande det årlege forbruket til om lag 6000 husstandar, og bidreg til auka forsyningstryggleik, sa ho til NRK.no.

Har trua på eit lønsamt prosjekt

No går altså Vestavind Kraft AS vidare med planane åleine. Til no har dei og Statoil eigd 50 prosent av aksjane kvar, men Vestavind Kraft AS eigd no alt.

– Eg ønskjer ikkje gå ut med kva vi har betalt for aksjane, det blir ei forretningsløyndom, seier Svalheim til NRK.no.

Selskapet jobbar no med å hente inn prisar på vindturbinar og utstyr, og Svalheim trur prosjektet ligg godt an.

– Vi trur det er mogleg å skape lønsemd i dette. Vi er ikkje sikre, men vi er optimistiske, seier Svalheim.

Første mølle på plass tidlegast i 2016

Han seier Statoil har vore ein god samarbeidspartnar, og trur ikkje det blir problematisk å ta planane vidare på eiga hand.

Dei første møllene vil truleg ikkje kunne komme opp før i 2016.

– Det er med dette kraftprosjektet som med andre prosjekt i fylket. Ein må først ha på plass den store kraftlinja mellom Fardal og Ørskog, og den skal stå ferdig i 2016.

– Iallfall den delen frå Moskog og nordover, så dei første møllene vil kunne vere på plass tidlegast i 2016, seier Svalheim.

Vestavind Kraft er eigd av Tafjord Kraftproduksjon AS, SFE Produksjon AS, Sunnfjord Energi AS, Sognekraft AS, BKK Produksjon AS, SKL Produksjon AS og Haugaland Kraft AS.