Har kjøpt Sandane Hotell

Preben Moen skal pusse opp gamle Sandane Hotell i Sandane sentrum til leilegheiter eller kontorlokale. Han har kjøpt bygget frå 60-talet i lag med Ola Sundt Ravnestad og Mariann Lund, skriv Firda. Dei siste 30 åra har Jan Haveland frå Gulen eigd hotellet. Dei nye eigarane håpar å ha bygget klart i 2020 eller 2021.

Administrerande direktør ved Gloppen hotell, Preben Moen
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK